John, I'm Only Dancing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John, I’m Only Dancing
Singel av David Bowie
B-side «Hang on to Yourself»
Utgjeve 1. September 1972
Innspelt Olympic Studios i London
26. juni 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 2:43
Selskap RCA Records
2263
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Ken Scott
David Bowie-kronologi
«Starman»
(1972)
John, I’m Only Dancing «The Jean Genie»
(1972)

«John, I’m Only Dancing» er ein song og singel av den britiske musikkartisten David Bowie, gjeve ut i september 1972. Songen vart på den tida ikkje gjeve ut på noko album.

Mange meiner at songen omhandlar eit homoseksuelt forhold, det forteljaren fortel kjærasten sin at han ikkje treng å uroe seg for jenta han ser på, fordi han «berre dansar» med ho.[1][2] I januar 1972 fortalte Bowie i eit intervju med musikkmagasinet Melody Maker at han var biseksuell, noko som ikkje påverka salet av singelen, som var oppfølgjaren til hitten «Starman», som kom tidlegare på året. Den originale vidoen som Mick Rock laga, viste androgyne dansarar frå Lindsay Kemp sin pantomimetrupp og vart bannlyst av Top of the Pops.[1]

Singelen vart ikkje gjeve ut i USA, fordi RCA meinte temaet var for risikabelt[3] – men i følgje musikkjournalistane Roy Carr og Charles Shaar Murray vart singelen importert og selde mykje i Memphis i Tennessee.[2]. Songen vart først offisielt gjeve ut i USA, som ein del av samleplata ChangesOneBowie i 1976. Sjølv om tekstlinjene «John, I only dancing / She turns me on / But I'm only dancing» lenge har vore rekna for å vere fortald av ein homofil mann, så peikte Nicholas Pegg på at forteljaren i songen kan ha fortalt denne tekstlinja til jenta sin mannlege kjæraste for å roe han. [3]

Ein litt omarbeidd versjon vart spelt inn under innspelinga av Aladdin Sane 20. januar 1973, med Ken Fordham på saksofon. Denne vert ofte kalla «Sax version», og vart gjeve ut på singel i april 1973, med nøyaktig same katalognummer som den første utgåva, noko som gjorde det vanskeleg for samlarar. [3] Denne utgåva vert som regel rekna som ei betre utgåve av songen,[2][4] og vart gjeve ut på dei første utgåvene av ChangesOneBowie før han vart bytta ut med den originale singelutgåva. I 1974 spelte Bowie inn ei totalt omarbeidd funk-utgåve av songen kalla «John, I’m Only Dancing (Again)». Denne funky utgåva danna grunnlaget for songen «Stay» på Station to Station i 1976.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I’m Only Dancing» (Bowie) – 2:43
  2. «Hang on to Yourself» (Bowie) – 2:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Den portugisiske versjonen av singelen «Starman» frå september 1972 hadde «John, I'm Only Dancing» som B-side.
  • I november 1972 vart han gjeven ut som B-side til singelen «The Jean Genie» i Japan.
  • Han kom ut som B-side i juni 1973 på singelen «Cracked Actor» i Aust-Europa.
  • Den britiske singelen «John, I’m Only Dancing (Again)» frå desember 1979, hadde den originale versjonen som B-side, medan den amerikanske utgåva av singelen hadde originalen som A-side i 1979.
  • Ein miks som tidlegare ikkje var gjeven ut, kom ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Ziggy Stardust i 1990.
  • «Saksofonversjonen» vart gjeven ut på bonusdisken på 30th Anniversary Edition av Aladdin Sane i 2003.
  • Han vart gjeven ut som biletdisk i RCA Life Time-biletdiskserien.
  • Songen finst på samlealbuma:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: pp.169-170
  2. 2,0 2,1 2,2 Roy Carr og Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: pp.49-50
  3. 3,0 3,1 3,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: pp.112-113
  4. «John, I’m Only Dancing» på The Ziggy Stardust Companion