John Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Aas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1793
Død

6. april 1867 (73 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

John Aas (17. oktober 17936. april 1867) var ein norsk prest og stortingsmann.

John Aas var son av ein proviantskrivar ved Røros koparverk . Han nedstamma i sjette ledd frå bonden Hans Olsen Aasen, som oppdaga koparmalmen ved Røros. Etter å ha gått på koparverket sin folkeskule i heimbygda, reiste han i 1805 til Trondheim og tok til på latinskulen i byen. Derifrå vart han student i 1813 og tok då til å studere ved universitetet i Christiania, han var den fyrste innskrivne studenten.

I 1818 tok Aas teologisk embetseksamen med laud. Året etter vart han utnemnd til personalkapellan ved Akershus slottskyrkje og for Aker kyrkjelyd. I 1820 vart han oppmoda om å søke embete som sokneprest til Gjerstad i Nedenes amt. Han var sidan prest i Gjerstad livet ut. 1846-66 var han i tillegg prost i austre Nedenes. I mange år var han ordførar i heradet, der han arbeidde for forbetringar i skule- og fattigstellet, og i jordbruket. Han sat 14 år i forlikskommisjonen.

Aas representerte Nedenes amt på stortinga 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 og 1836-37 var han medlem av kriminallovkomiteen, 1842 var han sekretær i Lagtinget og medlem av næringskomite nr 1. I 1845 var han medlem av Lagtinget og kyrkjekomite nr 1. Han var då med i riksretten.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Gjerestads Præstegjeld og Præster (1869)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]