John Aitken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Aitken (fødd 18. september 1839 Falkirk i Stirlingshire i Skottland, død 14. november 1919 i Falkirk) var ein skotsk fysikar og meteorolog.
Han er mest kjend for dei grunnleggande arbeida sine om kondensasjonskjerner (aitkenkjerner) og danninga av skyer og tåkedis. Han arbeidde òg med teoriar for kor viktig fotokjemiske prosessar var for danninga av dis i sterkt forureina industristrøk.
Aitkenkjerner, som er kalla opp etter han, er dei minste atmosfæriske aerosolane, dei som har ein radius mindre enn 0,1 mikrometer.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «John Aitken»