John Archibald Wheeler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Archibald Wheeler

Fødd9. juli 1911
Jacksonville
Død13. april 2008
Hightstown
NasjonalitetUSA
Områdefysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, akademikar, faglitterær forfattar, universitetslærar, teoretisk fysikar
InstitusjonarPrinceton University
University of North Carolina at Chapel Hill
Universitetet i Leiden
University of Texas
Universitetet i Leiden
Alma materJohns Hopkins University
New York University
Rayen High School
DoktorgradsrettleiarKarl Herzfeld
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

John Archibald Wheeler (fødd 9. juli 1911 i Jacksonville i Florida, død 13. april 2008) var ein amerikansk forskar og vitskapsmann. Fagfelta hans var kvantemekanikk og kvantefysikk.

Wheeler vart tildelt sin doktorgrad frå Johns Hopkins University i 1933. Avhandlinga hans, utført under oppsyn av professor og rettleier Karl Herzfeld, handla om teorien om spreiing og absorpsjon av helium. Wheeler starta den akademiske karrieren sin ved University of North Carolina ved Chapel Hill i 1935 og i 1938 vart han tildelt ei stilling ved Princeton University, der han vart verande fram til 1976. Wheeler vart utnemnd til direktør for Senter for teoretisk fysikk ved University of Texas frå 1976 til 1986, då han pensjonerte seg frå akademisk arbeid.

Då han døydde hadde Wheeler ei stilling ved Princeton University som professor emeritus. I motsetnad til einskilde andre lærde, hadde Wheeler høg prioritet på undervising av unge studentar. Sjølv etter at han vart ein kjend fysikar, fortsette Wheeler å undervise førsteårsstudentar i fysikk, og han uttalte at sinnet til dei unge var det viktigaste. Saman med mange andre leiande fysikarar, under andre verdskrigen, avbraut Wheeler sin akademiske karriere for å kunne delta i utviklinga av den første atombomba som ein del av Manhattanprosjektet.

Hovudsakleg var Wheeler tilsett i produksjonen av plutonium til bruk i atombomber. Nokre år seinare gjekk Wheeler med på å jobbe med utviklinga av ein meir kraftig hydrogenbombe. Etter å ha avslutta sitt atombombe-prosjekt returnerte Wheeler til Princeton University for å fortsetje den akademiske karrieren sin. I april 2009 hamna Wheeler i fokus for det månadlege tidsskriftet Physics Today som vart publisert av American Institute of Physics. Artiklane deira inneheldt refleksjonar skrivne av ulike framståande fysikarar, fleire av dei hadde Wheeler fungert som fysikk-rådgjevar for.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]