John Barleycorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pubskilt med bilete av John Barleycorn.

«John Barleycorn» er ei engelsk folkevise. Karakteren John Barleycorn i songen er ei personifisering av den viktige kronavlinga bygg og alkoholdrykkene som vert laga av han, øl og whisky. In songen vert John Barleycorn råka av fleire åtak, dødsfall og skammeleg handsaming i dei forskjellige fasane av bygg-dyrking, som innhausting og malting.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

They took a plough and plough'd him down,
Put clods upon his head,
And they hae sworn a solemn oath
John Barleycorn was dead.

Robert Burns
«John Barleycorn»[1]

Barleycorn, personifiseringa av bygg, møter mykje liding før han til slutt døyr ein ubehageleg død. Følgjene av døden hans er at ein kan lage brød. Derfør døyr Barleycorn for at andre skal få leve. Til slutt vert kroppen hans eten som brødet. Ein populær hymne, «We Plough the Fields and Scatter», vert ofte sungen på hausttakkefestar til same melodi.

Versjonar og variantar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange versjonar av songen. Ein versjon av songen finst i Bannatyne Manuscript frå 1568, og engelske skillingsviseversjonar frå 1600-talet er vanlege. Den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns gav ut sin versjon i 1782, og det finst fleire moderne versjonar.

Nyare innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Det er spelt inn mange versjonar av songen, mest kjend av Traffic, som har kalla opp albumet deira John Barleycorn Must Die etter songen. Songen er òg spelt av Fire + Ice, Gae Bolg, Bert Jansch, The John Renbourn Group, Pentangle, Finest Kind, Martin Carthy, Roy Bailey, Martyn Bates i samarbeid med Max Eastley, the Watersons, Steeleye Span, Jethro Tull, Fairport Convention, The Minstrels of Mayhem, Oysterband, Frank Black, Chris Wood, Woody Lissauer, Quadriga Consort, Maddy Prior, Heather Alexander, Tim van Eyken og mange andre artistar. Songen er òg ein sentral del av The Imagined Village-prosjektet til Simon Emmerson. Martin og Eliza Carthy spelte songen i lag med Paul Weller på albumet The Imagined Village.

Tolkingar og bruk i andre kulturuttrykk[endre | endre wikiteksten]

Forskaren Kathleen Herbert har trekt linjer mellom Beowa (ein mytisk figur frå angelsaksisk heidendom som dukkar opp tidleg i angelsaksiske kongelege slektstavler. Namnet tyder «bygg») og figuren John Barleycorn. Herbert seier at Beowa og Barleycorn er ein og same, og merkar seg at folkevisa skildrar lidinga, døden og oppstoda til Barleycorn, men feirar òg «den lækjande effekten av å drikke blodet hans»[2]

Jack London gav tittelen John Barleycorn til sjølvbiografien sin frå 1913, som fortel om kampen hans mot alkoholisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Barleycorn ved Wikisource
  2. Herbert (2007:16).