John Berkeley, 3. baron Berkeley av Stratton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Berkeley, 3. baron Berkeley av Stratton

Fødd1663
Død27. februar 1697 (33 år)
Statsborgar avKongeriket England
Yrkeoffiser
MorChristiana Riccard
FarJohn Berkeley, 1st Baron Berkeley of Stratton
Lord Berkeley (høgre), i lag med Evelyn Pierrepont, 1. hertugen av Kingston-upon-Hull og Charles Boyle, 2. jarlen av Burlington i eit gruppeportrett av Godfrey Kneller.

John Berkeley, 3. baron Berkeley av Stratton (166327. februar 1697) var ein engelsk admiral.

Han var den andre sonen til John Berkeley, 1. Baron Berkeley av Stratton og overtok tittelen etter faren då den eldste broren Karl, ein kaptein i marinen, døydde.

I desember 1688 vart han kontreadmiral for Royal Navy. Sommaren etter var han viseadmiral i den raude skvadronen under admiral Herbert og kjempa i lag med han i slaget ved Bantry Bay (1. mai 1689). Då Sir John Ashby døydde i juli 1693, vart han admiral i flåten under admiralane Killigrew, Delavall og Shovell. Den 8. juni 1694 tok Lord Berkeley del i åtaket på Brest og bombarderte same året Dieppe og Le Havre.

Sommaren etter, i 1695, utførte Berkeley fleire åtak mot den franske kysten og 4. juli bombarderte han St. Malo. I august gjekk han til åtak på Dunkerque og Calais, men påførte dei berre små skadar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]