John Biscoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Biscoe (28. juni 17941843) var ein britisk sjøfarar og oppdagar som leia den første kjende ekspedisjonen som oppdaga Enderby Land og Graham Land langs kysten av Det antarktiske kontinent. Ekspedisjonen oppdaga òg ei rekkje øyar utanfor vestkysten av Antarktishalvøya, inkludert Biscoe Islands som er namngjeven etter han.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Biscoe vart fødd i Enfield i Middlesex i England. I ein alder av 17 år gjekk han i mars 1812 inn i Royal Navy og tenestegjorde under 1812-krigen mot USA. Deretter segla han i koffardifart som styrmann eller kaptein, for det meste til India eller Vestindia.[1]

Ekspedisjonen til Sørishavet 1830–1833[endre | endre wikiteksten]

I 1830 hyra kvalfangstselskapet Samuel Enderby & Sons Biscoe som kaptein på briggen «Tula» og leiar for ein ekspedisjon som skulle leite etter nye selfangstområde i Sørishavet. Saman med kutteren «Lively» sigla Tula frå London og kom fram til Sør-Shetlandsøyane i desember. Ekspedisjonen fortsette sørover og kryssa den antarktiske polarsirkelen 22. januar før han fortsette austover.

Éin månad seinare, 24. februar 1831, fekk ekspedisjonen auge på berre fjelltoppar som raga over isen. Biscoe trudde heilt korrekt at dei var ein del av eit kontinent og gav området namnet Enderby Land til ære for oppdragsgjevaren sin. Den 28. februar vart ein odde observert og gjeve namnet Cape Ann. Fjellet bakom odden vart seinare gjeve namnet Mount Biscoe. Biscoe sette i gang å kartleggje denne kyststrekninga, men etter ein månad byrja helsa til både Biscoe og mannskapet å skrante. Ekspedisjonen sette kursen mot Australia og nådde HobartTasmania i mai. To av mannskapet omkom av skjørbuk på overfarten.

Ekspedisjonen overvintra i Hobart før han vende attende til Antarktis neste sesong. Den 15. februar oppdaga dei Adelaide Island, og to dagar seinare Biscoe Islands. Den 21. februar fekk dei i syne ei lang kyststrekning, og Biscoe trudde igjen at det var ein del av kontinentet. Han gav området namnet Graham Land[2] etter marineministeren Sir James Graham. Biscoe gjekk i land på Anvers Island og hevda å ha sett fastlandet av det antarktiske kontinent.[3]

Biscoe fortsette med kartlegging av kystlinja, og mot slutten av april 1832 vart han den tredje til å segle rundt det antarktiske kontinentet (etter James Cook og Fabian von Bellingshausen). På heimvegen forliste «Lively» ved Falklandsøyane. Ekspedisjonen returnerte likevel trygt til London i byrjinga av 1833.

Seinare i 1833 tilbaud Samuel Enderby & Sons Biscoe å leieein ny ekspedisjon. Han takka likevel nei, truleg av helseårsaker. Han engasjerte seg heller i Vestindia-farten, som tilbaud eit mykje varmare klima. Han deltok òg i seglasar til Australia.[4]

John Biscoe døydde under ei segling frå Tasmania til England der hans familie var med. Han ble 49 år gammal.

Minnesmerke og oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

Ei øygruppe og eit fjell har blitt kalla opp etter Biscoe. Biscoe Islands vart oppdaga utanfor vestkysten av Graham Land i februar 1832 under omseglinga hans av det antarktiske kontinentet med «Tula» og «Lively».[5] Mount Biscoe er ein markant, svart topp på 700 meter ved Cape Ann i Aust-Antarktis.[6]

To britiske forskingsskip har blitt namngjeve etter han. Etter ombygging til eit isforsterka forskingsskip for Falkland Islands Dependencies Survey, vart HMS «Pretext» i 1947 omdøypt til RRS «John Biscoe». Ho tenestegjorde fram til 1956, då ho fekk tilbake det tidlegare namnet. Same år vart det nybygde skipet RRS «John Biscoe» med større rekkevidd og lasteevne sett i drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rosanne Walker. «Biscoe, John (1794–1843)». Encyclopedia of Australian Science. http://www.asap.unimelb.edu.au/bsparcs/biogs/P002265b.htm. Henta 18. oktober 2012. 
  2. Namnet «Graham Land» refererer nå til heile den nordre delen av Antarktishalvøya.
  3. Mastro, Jim; Lisa Mastro (1998-2006). «History». Antarctic Online. http://www.antarcticaonline.com/history/history.htm. Henta 18. oktober 2012. 
  4. «John Biscoe collection». The Archives Hub / Scott Polar Research Institute. http://www.archiveshub.ac.uk/news/0308bisc.html. Henta 18. oktober 2012. 
  5. Ann Savours. «Biscoe, John (1794–1843)». Australian Dictionary of Biography. http://www.adb.online.anu.edu.au/biogs/A010098b.htm. Henta 18. oktober 2012. 
  6. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 1367

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • John Biscoe (red. George Murray): From the Journal of a Voyage towards the South Pole on board the brig Tula, under the command of John Biscoe, with the cutter Lively in company, Royal Geographical Society, London, 1901.