John Blow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Blow

Fødddøypt 23. februar 1649
FødestadCollingham i Nottinghamshire
Død1. oktober 1708 (59 år)
DødsstadWestminster i London
OpphavEngland, Kongeriket Storbritannia
PeriodeBarokken
Aktiv1670-1698
SjangerKlavermusikk, vokalmusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist

John Blow (døypt 23. februar 1649, truleg i Collingham i Nottinghamshire, død 1. oktober 1708 i Westminster i London) var ein engelsk komponist og organist.

Som ung gut var John Blow songar i Chapel Royal der han utmerkte seg med det musikalske talentet sitt. Han fekk organistposten i Westminster Abbey i 1669 og trekte seg i 1680 tilbake til fordel for eleven sin Henry Purcell. I 1673 vart Blow Gentleman i Chapel Royal. September same år gifta han seg med Elizabeth Braddock. Ho døydde i barsel ti år seinare.

I 1687 overtok han leiinga av koret i Saint Paul's Cathedral. Etter Purcell døydde i 1695 fekk han igjen organistposten i Westminster Abbey og i 1699 den nyoppretta posten som komponist ved Chapel Royal.

Det mest kjente verket til Blow er Venus og Adonis, det første dømet på ein ekte engelsk opera. Purcells Dido og Aeneas er sterkt påverka av dette verket. Blow skreiv stort sett kyrkjemusikk, 110 anthem og 14 services (ei musikkform brukt i liturgien i den anglikanske kyrkja). Elles skreiv Blow odar til forskjellige høve som til dømes nyårsdag eller Ceciliafesten.

Blow døydde i 1708 i heimen sin i Broad Sanctuary og er gravlagd i nordapsisen i Westminster Abbey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Blow

Notar[endre | endre wikiteksten]