John Cage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Cage

Fødd5. september 1912
FødestadLos Angeles, Good Samaritan Hospital (Los Angeles), Los Angeles
Død12. august 1992 (79 år)
DødsstadNew York by
AliasCage, Jr., John Milton
OpphavUSA
Aktiv1938–1992
SjangerAleatorisk musikk, opera, klassisk musikk, elektronisk musikk, eksperimentell musikk, konkret musikk, avant-garde-musikk, Performance, Neue Musik
Instrumentpiano
PlateselskapEdition of Contemporary Music
Verka somkomponist, skribent, lyrikar, universitetslærar, musikkforskar, filosof, kunstmålar, musikkteoretikar, illustratør, teiknar, mykolog, biletkunstnar
MorCrete Cage
Gift medXenia Cage
Sambuar medMerce Cunningham
PrisarGuggenheim-stipendiet, Kyotoprisen for kunst og filosofi, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, Arts and Letters Award in Music

John Milton Cage Sr. (5. september 191212. august 1992) var ein amerikansk komponist, filosof, poet, musikkteoretikar, kunstnar, i tillegg til ein amatørmykologist og soppsamlar. Som pioner innanfor aleatorisk musikk, elektronisk musikk og ikkje-standardisert bruk av musikkinstrument, var Cage ein av dei fremste skikkelsane innan etterkrigs-avantgarden. Kritikarar har halde han fram som ein av dei viktigaste amerikanske komponistane i det 20. hundreåret.

I det offentlege var det komposisjonen «4'33"» (1952) som fekk mest merksemd, av den grunn at det i løpet av tre satsar ikkje blir spelt ei einaste note — det er lyden som elles blir skapt i konsertlokalet som er komposisjonen. Med det stilte Cage spørsmålet om kva musikk eigentleg er, og kan vera. Cage introduserte òg preparert piano, der han la eller festa gjenstandar på strengene på pianoet. For denne instrumentvarianten skreiv Cage blant anna Sonatas and Interludes (1946-48).

Cage hadde banebrytande lærarar som Henry Cowell (1933) og Arnold Schönberg (1933–35), men det var likevel frå ulike austlege kulturar at han henta inspirasjon. Gjennom studium av indisk filosofi og zen-buddhisme i 1940-åra, fekk han inspirasjon til å skrive aleatorisk – tilfeldig – musikk. Yijing, eit 2800 år gammalt kinesisk spådomsverk, blei etter dette det vanlegaste komposisjonsverktøyet til Cage. I førelesinga Experimental Music frå 1957 karakteriserer han musikk som «ein meiningslaus leik», og meiner at musikken verken skaper orden i kaos eller initierer forbetringar, men snarare bevisstgjer menneska på det livet dei faktisk lever.

Cage blei vald inn i American Academy of Arts and Sciences i 1978. I 1981 blei han tildelt New York Mayor's Award of Honor for Arts and Culture og i 1982 blei han utnemnd til Commandeur de l'Ordre des Arts et des Lettres av den franske staten.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allan Kozinn (13. august 1992), «John Cage, 79, a Minimalist Enchanted With Sound, Dies», The New York Times 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: John Cage
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: John Cage