John Cockcroft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Cockcroft

Fødd27. mai 1897
Todmorden i England
Død18. september 1967 (70 år)
Cambridge i England
NasjonalitetStorbritannia
Områdefysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, universitetslærar
InstitusjonarAtomic Energy Research Establishment
Ministry of Supply
Montreal Laboratory
Chalk River Laboratories
Australian National University
Alma materVictoria University of Manchester
Manchester College of Technology
St. John's College, Cambridge
DoktorgradsrettleiarErnest Rutherford
Kjend forSplitting av atom
EktefelleElizabeth Crabtree
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
ReligionKristendom

Sir John Douglas Cockcroft (27. mai 1897 18. september 1967 ) var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med Ernest Walton «for pionerarbeidet deira med omdanning av atomkjerner med kunstig akselererte atompartiklar».[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Frå 1924 arbeidde han ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då var leia av Ernest Rutherford. Frå 1939 til 1946 var han professor i naturfilosofi på same stad. Han arbeidde først med å skape sterke magnetfelt og låge temperaturar. I 1928 byrja han i samarbeid med Ernest Walton å arbeide med akselerasjon av proton ved hjelp av høge spenningar. For å få til dette bygde dei ein høgspenningsgenerator, Cockcroft-Walton-generator, og påviste i 1932 dei første kjernereaksjonane skapt med kunstig akselererte partiklar, eit arbeid som dei i 1951 fekk Nobelprisen i fysikk for.

Cockcroft leia òg bygginga av den første syklotronen i Storbritannia, som stod ferdig i 1939. Frå 1938 vart han saman med Henry Tizard engasjert i utviklinga av radaren. Under andre verdskrigen var han rådgjevar for regjeringa og leia fleire forskingstiltak. I 1944 leia han det anglo-kanadiske atomenergiprosjektet som hadde sete i Montreal og fekk med det ansvaret for bygginga av nokre av dei første reaktorane i verda. I 1946 vart han direktør for Atomic Energy Research Establishment i Harwell, og i 1959 vart han vald til Master for det nye Churchill College i Cambridge.

Cockcroft var ein av dei fremste ekspertane i verda på kjernefysisk energi og ein av dei ivrigaste talsmennene for å utnytte dette til fredelege føremål.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nobelprisen i fysikk 1951» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.