John Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Cooper
Alias Giovanni Coprario, Coperario
Fødd kring 1570, England
Død juni 1626, London
Instrument Gambe
Periode Barokken
Sjanger Kammermusikk
Yrke Komponist

John Cooper (fødd kring 1570, død 1626), òg kjend Giovanni Coprario eller Coperario, var ein engelsk komponist, gambist og luttist.

Han endra namnet sitt tidleg på 1600-talet. Det vert ofte sagt at han gjorde dette etter at han vitja Italia, men det finst ikkje bevis for at han nokon gong var der. Frå 1622 tente han prinsen av Wales og kan ha vore læraren hans. Han arbreidde for han då han overtok trona som Karl I. Han var gjennom lange tider verna av Edward Seymour, jarl av Hertford.

Av verka til Cooper finn ein fantasiar, suitear og andre verk for gambe og fiolin, samt songsamlingane, Funeral Teares (1606) og Songs of Mourning: Bewailing the Untimely Death of Prince Henry (1613). Han skreiv òg læreboka Rules how to Compose.

I følgje Ernst Meyer [1] var Cooper frå London og italianiserte namnet sitt sidan italiensk musikk og musikarar vart stadig meir på moten, og han var det meste av livet sitt hoffmusikar hos kongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meyer, Ernst Hermann (1946). English chamber music; the history of a great art. London: Lawrence & Wishart. ss. 149. ISBN 0-306-70037-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]