John Densmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Densmore

Densmore i 1971
Fødd1. desember 1944
FødestadLos Angeles
FødenamnJohn Paul Densmore
OpphavMaine
Aktiv1965 til i dag
SjangerPsykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, blues, jazz-fusion
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarThe Doors
The Butts Band
Riders on the Storm
Tribaljazz
PlateselskapElektra
Verka somMusikar
Trommeslagar
Filmmakar
Gift medLeslie Neale

John Paul Densmore (fødd 1. desember 1944) er ein amerikansk musikar og låtskrivar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet The Doors.[1] Etter The Doors har han òg arbeidt som dansar og skodespelar, og dessutan produsert teater, danseforestillingar og film.

Då The Doors var operative, vart det avtalt at kvar av medlemmane skulle kunne leggje ned veto mot at musikken til gruppa vart brukt i reklamesamanheng. Densmore nyttar seg av denne retten og sørgjer enno for at dette ikkje skjer, blant anna vart eit tilbod frå Cadillac på 15 millionar dollar for å bruke «Break on Through (to the Other Side)» avvist. Han gav ved eit høve løyve til at Pirelli dekk skulle kunne bruke «Riders of the Storm» berre i Storbritannia, men angra etterpå og gav pengane til veldedige føremål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve. «Biography: John Densmore». Allmusic. Henta 17. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]