John Donne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Donne

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1572
London
Død

31. mars 1631, 1631 (59 år)
London

Yrke lyrikar, omsetjar, advokat, låtskrivar, politikar, skribent, pastor, forkynnar, jurist
Sjanger metafysisk poesi
Religion Den anglikanske kirke
Far John Donne
Mor Elizabeth Heywood
Ektefelle Anne More
Born George Donne, John Donne, Bridget Donne, Constance Donne, Margaret Donne, Elizabeth Donne
John Donne på Commons
Den unge John Donne

John Donne (fødd 21. januar 1572 i London, død 31. mars 1631 same stad) var ein engelsk barokk-poet, og den mest framståande av dei metafysiske poetane.

Verka hans omfattar preiker, religiøse dikt, omsetjingar frå latin, epigram, elegiar, songar, sonettar og satirer. Han lèt assosiasjonar styre rim og verselinjer, og han tok i bruk overraskande bilete, gjerne frå tidas oppdagingar og vitskap, noko som var nytt i høve til renessansediktinga. På grunn av desse moderne trekka fekk merksemda kring poesien hans eit oppsving under modernismen på 1900-talet, og i dag vert John Donne rekna som den største engelske poeten frå tida mellom Shakespeare og Milton.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

John Donne vart fødd inn i ein katolsk familie på ei tid då det i England var forbode å praktisere katolsk tru ope.[1] Faren, John Donne, var ein jernvarehandlar av walisisk opphav, mens mora, Elizabeth Heywood, var dotter av dramatikaren John Heywood. Den katolske martyren Thomas More var grandonkelen hennar.[2] Ti år gammal vart Donne send til Oxford og seinare til Cambridge. For å få ein akademisk grad måtte ein seie truskapeiden til dronninga og hennar herskarmakt over kyrkja, men som katolikk nekta Donne å gjera dette og fekk difor ingen grad.[2]

Under studietida og i tida etter øydsla han mykje av arven sin på kvinner og nattelivet i London, men òg på litteratur og reiser. Då greven av Essex rusta seg ut for plyndringstokt til Cádiz i 1596 og til Asorane i 1597, vart Donne og andre velståande eventyrarar med. Izaak Walton, den første som skreiv ein biografi om Donne, fortalde at han etter dette budde nokre år i Italia og Spania og tileigna seg gode kunnskapar i språk, lover og styresett i desse landa. 25 år gammal vart han sjefssekretær hos vaktar av det store riksseglet, sir Thomas Egerton, som sette så stor pris på Donne som samtalepartnar at han fekk bu i York House og ete middag med familien kvar dag.[3]

«This ecstasy doth unperplex
(We said) and tell us what we love;
We see by this, it was not sex;
We see, we saw not, what did move:»
[4]
– «The Ecstasy»

«Gjev mine hender lov, ja lat dei gli
innunder, mellom, over, på og i.
Å mitt Amerika, mitt ny-funn'land»
[5][6]
– «Elegy 19. To his Mistress Going to Bed», omdikta av Åsmund Bjørnstad

Lite av det John Donne skreiv kom på prent, men dikta vart spreidde som handskrifter, og på denne tida byrja han å få eit namn som poet. Han skreiv somme satiriske vers som syner eit kynisk verdssyn, men også songar og sonettar med ein oppsiktsvekkjande realistisk, sanseleg og erotisk karakter. Han var til dømes den første som tok i bruk ordet «sex» til skilnad frå «love».[3]

Ei av gjestene i heimen til Thomas Egerton var den fjorten år gamle Anne More – ein fjern slektning av John Donne på morssida. Dei vart djupt forelska, men grunna dei sosiale skilnadene kunne dei ikkje gjere rekning med at far hennar ville samtykkje i at dei ekta kvarandre. Dette problemet løyste dei ved å gifte seg i full løyndom i desember 1601. Då det vart kjend mista Donne jobben, og for ei kort tid vart han og presten som vigde dei sperra inne. Ekteskapet vart likevel stadfesta som lovleg, men ryet til Donne var no øydelagd, og trass sin grundige utdaning og poetiske gjevnad, levde han og den veksande familien hans fleire år i armod. Verka hans fekk på denne tida ei undertone av alvor. I to Anniversaries, An Anatomy of the World (1611) og Of the Progress of the Soul (1612), kjem det klårt fram at han hadde byrja å tvile på mellomalderen sitt verdsbilete – dette var ei tid med veksande tvil rundt tradisjonell politikk, vitskap og filosofi. Satiren Ignatius his Conclave (1611) var truleg det fyrste engelskspråklege verket der namnet til Galileo Galilei var nemnd.

Etter ein lengre periode med økonomiske problem og rein naud – i denne tida var han to gonger medlem av Parlamentet (1601 og 1614) – gjekk han til slutt med på eit råd av kong Jakob I om å verte prest i den anglikanske kyrkja, og vart prestevigd i 1615. Kona Anne døydde i 1617, berre 32 år gammal, og no fekk diktinga hans ein dystrare dåm; særleg tydeleg kjem dette fram i Holy Sonnets.

«Når såg eg vår og sumar strø so raust
sin ynde, som eit andlet i sin haust?»
[6][7]
– «Elegy 9. The Autumnal», omdikta av Åsmund Bjørnstad

Donne skreiv fleire religiøse verk etter at han vart prestevigd, til dømes Devotions (1624) og ei mengd preiker. Preikene hans er mellom dei beste i engelsk litteratur, og einskilde av dei vart prenta allereie i levetida hans. Som konvertitt til den anglikanske kyrkja verka Donne som ein formidlar mellom trusretningane i ei tid med uforsonlege motsetningar mellom katolikkar og protestantar. I 1621 vart han utnemnd til domprost ved St. Pauls katedral i London og denne posten hadde han til han døydde i 1631.

Sitatar[endre | endre wikiteksten]

John Donne, ca. 1616. Etter ein miniatyr av Isaac Oliver.

To sitat frå Donnes verk har vorte talemåtar og mykje brukt populærkulturen: «no man is an island» og «for whom the bell tolls», den siste er kjend som tittel i ein roman av Ernest Hemingway (den norske tittelen, Klokkene ringer for deg, er ei omskriving av neste setningslekkjen i det same diktet: «it tolls for thee»). Begge sitata stammar frå det same avsnittet i «Meditation 17»:[8]

«No man is an island, entire of itself; every man is a piece of the continent, a part of the main. If a clod be washed away by the sea, Europe is the less, as well as if a promontory were, as well as if a manor of thy friend's or of thine own were. Any man's death diminishes me because I am involved in mankind; and therefore never send to know for whom the bell tolls; it tolls for thee.»
«Eit menneske er inga øy heilt for seg sjølv; kvart einaste menneske er ein del av kontinentet, eit stykke fastland. Renn ein jordklump til havs vert Europa mindre, som ei landtunge vert det, som garden til din ven eller din eigen gard vert det. Kvart einaste menneske som døyr meinkar meg, for eg er eitt med menneskeslekta; spør difor aldri kven timen slår for; han slår for deg.»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Schama, Simon (26. mai 2009). «Simon Schama's John Donne» (på engelsk). BBC2. Henta 18. juni 2009. 
  2. 2,0 2,1 Jokinen, Anniina. "The Life of John Donne." Luminarium, henta 25. januar 2011.
  3. 3,0 3,1 Innleiinga til boka Eit menneske er inga øy Arkivert 2011-08-10 ved Wayback Machine. av Åsmund Bjørnstad
  4. «The Ecstasy», engelsk Wikisource
  5. Licence my roving hands, and let them go / Before, behind, between, above, below. / O, my America, my Newfoundland
  6. 6,0 6,1 Wikiqoute
  7. No spring, nor summer beauty hath such grace, As I have seen in one autumnal face.
  8. «Meditation 17», engelsk Wikisource

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • R.C. Bald, John Donne: A Life., Oxford, 1970
  • Åsmund Bjørnstad, John Donne: Eit menneske er inga øy, norsk omdikting av Donne. Aschehoug 2010, ISBN 9788203195976
  • John Carey, Der Unbeständige. Über John Donne. I det tyske litteraturtidsskriftet Sinn und Form, s. 690-703
  • Edward Le Comte, Grace to a Witty Sinner: A Life of Donne, (Walker, 1965)
  • John Stubbs, Donne: The Reformed Soul, Viking, 2006. ISBN 0-670-91510-6
  • Kit Lim, John Donne: An Eternity of Song, Penguin, 2005.
  • Frank J. Warnke, John Donne, (U of Mass., Amherst 1987)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: John Donne