John Everett Millais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1881
Jesus i huset til foreldra, 1850
Kvilestaden, 1858
Kjøleg oktober, 1870
Nordvestpassasjen, 1874

John Everett Millais (8. juni 182913. august 1896) var ein britisk målar som saman med William Holman Hunt og Dante Gabriel Rossetti grunnla den prerafaelittiske brorskapen 1848. Millais utvikla seg så småningom bort frå prerafaelittane sine idear, og vart si tids største akademiske målar i England og til sist president i Royal Academy of Arts.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Millais vart fødd i Southampton i ein rik familie frå Jersey.[1] Elleve år gammal fekk han plass på ein av Royal Academy sine kunstskular. På skulen trefte han William Holman Hunt og Dante Gabriel Rossetti, saman med dei danna han den prerafaelittiske brorskapen i september 1848.

Millais sitt måleri Jesus i huset til foreldra frå 1850 vekte stor merksemd grunna si realistiske framstilling av den heilage familien i ein snikkarverkstad. Også seinare arbeid var kontroversielle, men i mindre grad. Biletet A Huguenot frå 1852, som skildrar eit ungt par i ferd med å verte skilde av religiøse konfiktar, vart godt motteke av publikum. Desse og andre arbeid vart måla med stor vekt på detaljane, ofte retta merksemda seg om det vakre og komplekse i den røynlege verda. I måleri som Ofelia, også 1852, skapte Millais tette og forseggjorde biletflater basert på integrering av naturalistiske element.

Kunstkritikaren John Ruskin var som ein talsmann for prerafaelittane mot kritikarane deira. Millais vart kjend med både Ruskin og kona hans. Kona, som var fødd Effie Gray, byrja stå modell for Millais sitt måleri The Order of Release. Under målinga vart målar og modell kjærastar. Trass i at Effie hadde vore gift med Ruskin i fleire år, var ho framleis jomfru. År 1856 vart ekteskapet annullert og ho gifta seg med Millais. Dei fekk åtte born saman.

Etter giftarmålet endra Millais målestilen sin. No måla han bilete som låg nærare stilretningar som var meir utbreidde og mindre kontroversielle. Ein kritikar som William Morris lasta han for å selje seg for popularitet og velstand. Beundrarane hans peika derimot på Millais si kopling til målarar som James Whistler og Albert Moore, samt påverknader frå John Singer Sargent. Millais sjølv hevda han var meir sjølvsikker som kunstnar, såleis kunne han vere djervare i måleria sine.

Måleri som The Eve of St. Agnes og The Somnambulist syner at Millais framleis var oppteken av Whistler sin biletkunst. Andre måleri frå slutten av 1850-60-åra kan tolkast som eit forvarsel om estetismen. Mange bilete bestod av store parti med harmoniserande fargar og var meir symbolske enn forteljande. I seinare arbeid, frå 1870 og framover, viste Millais vyrdnad for historiske målarar som Joshua Reynolds og Diego Velázquez. Måleria han då laga var del av ei nyoppdaging av britisk 1700-talskunst. Dei mest kjende verka i så måte er Boyhood of Raleigh frå 1871, og The North West Passage frå 1874. Slike bilete viste elles Millais si interesse for det veksande britiske imperiet.

Fascinasjonen for villmark og aude plassar delte Millais med mange samtidige landskapsmålarar. Første måleriet der det fjerne, ugjestmilde var tema, var Chill October frå 1870. Biletet vart måla i Perth. Mange andre vart måla på andre plassar i Perthshire, nær Dunkeld og Birnam, der Millais leigde store hus kvar haust for å jakte og fiske. Hans siste prosjekt, The Last Trek, er eit måleri som syner ein kvit jeger liggande død på det afrikanske slettelandet, omkransa av to afrikanarar. Biletet vart ferdig få månader før han døydde i 1896.

Millais var også ein suksessrik bokillustratør, særleg påakta for sine arbeid for Anthony Trollope og med Alfred Tennyson sine dikt. Hans komplekse illustrasjonar over Jesus sine allegoriar vart publisert i 1864. Millais laga òg illustrasjonar til tidsskrift som Good Words. År 1869 vart han tilsett som kunstnar i den nyskipa dagsavisa The Graphic. Han hadde også stor suksess med måleri for born, med Bubbles frå 1886 som det mest kjende.

Millais fekk medlemskap i Royal Academy of Arts i 1853 og og vart straks ein aktiv deltakar. Han vart utnemnd til baron i 1885, og vart såleis den første kunstmålaren som vart heidra med ein arveleg tittel. Etter at Frederic Leighton døydde i 1896, vart Millais formann i Royal Academy. Seinare same året døydde han av strupekreft, og vart gravlagd frå St. Pauls katedralen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Everett Millais

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sir John Everett Millais, 1829-96, liverpoolmuseums.org.uk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!