John F. Nash jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå John F. Nash Jr)
Gå til: navigering, søk
John F. Nash Jr.

John Forbes Nash Jr. (fødd 13. juni 1928 i Bluefield) er ein amerikansk matematikar som blir sett på som ein av dei største på 1900-talet. For det banebrytande arbeidet sitt innan spelteori på 1950-talet, fekk han Nobelprisen i økonomi i 1994 saman med to andre forskarar. Filmen Eit vakkert sinn (engelsk A Beautiful Mind) byggjer på livet til Nash.

Nash, ganske nyleg gift og pressa av krava sine til seg sjølv, fekk etter eit psykisk samanbrot i 1958 diagnosen som paranoid schizofrenisk. Mellom 1966 og 1996 gav han ikkje ut nye arbeid i det heile tatt, som følgje av sjukdommen. Far til Nash leid av same sjukdommen.

Da han var 16 år, vart han tildelt eit stipend og begynte å studere ved det daverande Carnegie Institute of Technology i Pittsburgh (noverande Carnegie Mellon University). Etter å ha teke mastereksamenen som 19-åring, gjekk han vidare til Princeton University der han fekk doktorgraden i matematikk 21 år gammal. Han vart så tilsett som professor ved MIT i Cambridge, Massachusetts.

Innanfor matematikken var Nash interessert i alt, men han var ein utprega konkurranseretta elitist og søkte etter dei største og beste resultata. Til spesialområda hans høyrde spelteori, diofantiske likningar, kvantemekanikk og relativitetsteori.