John Fredriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Fredriksen

Statsborgarskap Noreg, Kypros
Fødd 10. mai 1944 (79 år)
Oslo, Eidsvoll kommune
Yrke forretningsdrivande, gründer, forretningsmagnat
Formue 10 800 000 000 US-dollar
John Fredriksen på Commons

John Fredriksen (fødd 11. mai 1944) er ein norsk-kypriotisk skipsreiar og rikmann.

Tidsskriftet Kapital vurderte at John Fredriksen i 2012 var god for 69,7 milliardar kroner,[1] noko som gjorde han til den rikakste nolevande personen fødd i Noreg og den rikaste personen på Kypros.

Fredriksen er oppvaksen på austkanten i Oslo. Han har tent mesteparten av si enorme formue som skipsreiar. Fredriksen kontrollerer i dag verdas største VLCC-flåte (Oljetankskip), gjennom tankreiarlaget Frontline Ltd og verdas største flåte av LNG-skip gjennom Golar LNG Ltd. Fredriksen er kjend for å vere veldig risikovilleg, og har vore nær konkurs ved fleire høver. Fredriksen har den siste trappa ned tankreiarverksemda og investert store delar av formua i andre selskap. Han er i dag storeigar i oppdrettsselskapa Pan Fish og Fjord Seafood. Fredriksen har også satsa stort på Riggmarknaden gjennom SeaDrill Ltd. I tillegg er han storaksjonær i tørrbulkreiarlaget Golden Ocean Group. Fredriksen har også investert ein del midlar i fotballklubben Vålerenga.

Fredriksen er i dag busett på Kypros, og driv verksemdene sine frå London, der han eig ein av byens mest verdifulle eigedommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kapitals 400 rikeste» Arkivert 2015-11-10 ved Wayback Machine., årleg liste frå tidsskriftet Kapital over dei 400 rikaste personane i Noreg eller med norsk tilknyting.