John French

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Stephen French

Fødd29. september 1949 (74 år)
FødestadSan Bernardino i California
FødenamnJohn Stephen French
AliasDrumbo
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, alternativ, progressiv jazz, eksperimentell musikk
InstrumentVokalist, trommer, munnspel, gitar
Tilknytte artistarCaptain Beefheart, Magic Band, Frank Zappa, French Frith Kaiser Thompson
PlateselskapProper
Verka somMusikar, låtskrivar, musikalsk leiar

John Stephen French (fødd 29. september 1948) er ein amerikansk trommeslagar og musikar. Han spelte på Captain Beefheart sitt Trout Mask Replica og forskjellige andre Beefheart-innspelingar. Beefheart kalla han Drumbo. Under Trout Mask Replica-innspelinga transkriberte French dei musikalske ideane Beefheart spelte for han på piano for resten av bandet.

French kom med i the Magic Band seint i 1966, då han erstatta Paul Blakely.[1] Han spelte på Safe as Milk (1967), Strictly Personal (1968) og Mirror Man (1968, men ikkje gjeve ut før 1971). Kort tid før Trout Mask Replica var ferdig, vart French kasta ut av bandet. French vart ikkje oppført på omslaget til Trout Mask Replica. French vart invitert attende kort tid etter og spelte på dei kritikarroste albuma Lick My Decals Off, Baby og The Spotlight Kid, der han spelte perkusjon i lag med Art Tripp. Seint i 1972 slutta han igjen i bandet. I 1976 var han igjen med i bandet og spelte på Bat Chain Puller, som på grunn av søksmål om opphavsrett ikkje vart gjeve ut før i 2012.

Andre band og artistar French har arbeidd med er Mallard og French Frith Kaiser Thompson[2].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason. «Biography: Captain Beefheart». Allmusic. Henta 25 mai 2010. 
  2. Layne, Joslyn. «Biography: French Frith Kaiser Thompson». Allmusic. Henta 25 mai 2010.