John Galsworthy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Galsworthy (fødd 14. august 1867 i Kingston Hill, Surrey, England, død 31. januar 1933 i London) var ei engelsk novellist, romanforfattar og dramatikar.

I 1932 fekk Galsworthy Nobelprisen i litteratur «for sin framifrå forteljarkunst, som når sitt høgste nivå i The Forsyte Saga.»[1][2] Romanserien The Forsyte Saga (1906-21) blir rekna som ein klassikar innan moderne engelsk litteratur.

John Galsworthy
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1932

Liv[endre | endre wikiteksten]

Galsworthy var son av ein velhavande familie. Han gjekk på privatskole i Harrow og studerte jus ved University of Oxford. I 1890 blei han skrankeadvokat men viste ikkje store interessa for yrket sitt, og reiste til sjøs der han blei kjend med den polsk-engelske forfattaren Joseph Conrad som vekte Galsworthy sin interesse for litteratur. Dei første verka sine gav han ut under pseudonymet John Sinjohn.

Galsworthy sitt første skodespel The Silver Box (1906) blei godt motteken. Same året skreiv han romanen The Man of Property, den første delen av suksess-serien The Forsyte Saga. I 1921 blei han den første presidenten i den internasjonale PEN-klubben. Galsworty døydde av ein hjernetumor i 1933.

Interessen for bøkene hans dabba av etter at at han døydde, men tok seg opp igjen etter TV-versjonen av Forsytesagaen, som NRK sende i 1967–1968.

Forfattarverksemd[endre | endre wikiteksten]

Det mest kjende verket til Galsworthy er romanserien The Forsyte Saga med framhalda A Modern Comedy og End Of The Chapter.

Mange av verka hans inneheld kritikk av dei sosiale tilhøva i England, framfor alt det britiske klassesystemet. Fleire av romanane og dramaene skildrar, gjerne med ironi og kritisk brodd, materialismen til overklassane, storborgarskapen og adelen. Eit anna motiv han brukar fleire gonger er kvinner i ulukkelege ekteskap.

Romanane til Galsworhty utmerkar seg ved å vere stilreine og lettleste med truverdige karakterar og god dialogføring.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for his distinguished art of narration which takes its highest form in The Forsyte Saga"
  2. John Galsworthy på nobelprize.org

Weblinks[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Galsworthy