John Garang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Garang i 2004.

John Garang de Mabior (23. juni 1945-31. juli 2005) var visepresident i Sudan og tidlegare leiar for opprørsgruppa SPLA (Sudan People's Liberation Army) Han var dinka, frå ein fattig familie.

Garang studerte økonomi i USA og tok doktorgrad i jordbruksøkonomi der. På 1970-talet slutta han seg til dei militære styrkane i Sudan og steig i gradene til oberstløytnant. I 1983 blei han sendt til Bor for å slå ned eit mytteri; 500 soldatar frå den sørlege delen av Sudan. I staden starta han en opprørshær, SPLA, som kjempa mot militærstyre og islamistisk dominans. Noko før hadde regjeringa bestemt at den islamske sharia-loven skulle gjelda i hele landet, også i det hovudsakleg ikkje-muslimske Sør-Sudan. Garang oppfordra fleire garnisonar til å gjera opprør. Mytteria markerte byrjinga på den andre borgarkrigen i Sudan, som førte til ein og ein halv million døydde i løpet av tjue år med konflikt.

SPLA fekk støtte frå Libya, Uganda og Etiopia. Styrkane til Garang kontrollerte store delar av den sørlege landsdelen, som han kalla «det nye Sudan».

Garang nekta å delta i interimregjeringa av 1985 eller vala i 1986, og blei verande opprørsleiar. Men i januar 2005 underteikna SPLA og regjeringa ein fredsavtale. Den 9. juli 2005 blei Garang svoren inn som visepresident, rett etter at han og president Omar al-Bashir underteikna ein grunnlov som etablerte ei maktdeling. Garang blei samstundes administrativ leiar for det sørlege Sudan for seks år; etter denne perioden skulle etter avtalen ei folkerøysting i sør ta stilling til eventuelt sjølvstende. Ingen kristen eller sørsudanesar hadde nokon sinne hatt ein så høg regjeringspost.

Garang blei meldt død av SN den 1. august 2005 etter at helikopteret hans hadde havarert dagen før på veg tilbake frå nabolandet Uganda. Ulukka er ikkje sett på som mistenkeleg, men fleire tusen sørsudanesarar protesterte likevel i gatene i Khartoum.