John H. Hammond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Henry Hammond II (15. desember 191010. juli 1987) var ein amerikansk plateprodusent, musikar og musikkritikar aktiv frå 1930-talet fram til byrjinga av 1980-talet. Gjennom arbeidet sitt som talentspeidar har han markert seg som ein av dei sentrale personane i popmusikken1900-talet.

Utan nødvendigvis å stå for sjølve «oppdaginga», medverka han til å få i gang ei lang rekke musikalske karrierar, mellom andre hjelpte han Benny Goodman, Charlie Christian, Billie Holiday, Count Basie, Teddy Wilson, Big Joe Turner, Pete Seeger, Babatunde Olatunji, Aretha Franklin, George Benson, Bob Dylan, Freddie Green, Leonard Cohen, Bruce Springsteen og Stevie Ray Vaughan.

Han studerte for å verte fiolinist ved Yale frå 1928, men slutta snart på universitetet for å forfølgje ei karriere i musikkindustrien og vart den første korrespondenten i USA for Melody Maker.

Den første produksjon til Hammond var med pianisten Garland Wilson i 1931, som skulle verte den første av ei lang rekke vellukka produksjonar. Han flytta til Greenwich Village, og arrangerte der nokre av dei første faste jazzarrangementa, og engasjerte seg mot rasisme. Han medverka til å organisere bandet til Benny Goodman og overtalte han til å leie afroamerikanske musikarar som Charlie Christian, Teddy Wilson og Lionel Hampton. I 1933 høyrte Hammond den 17 år gamle Billie Holiday opptre, og arrangerte snart etter hennar første innspelingar. I 1937 fekk han orkesteret Count Basie og overtalte dei til å kome frå Nashville til New York, der dei snart slo igjennom og gjorde nasjonal suksess.

I 1938 arrangerte han den første «From Spirituals to Swing»-konserten i Carnegie Hall, der det vart presentert omfattande program med blues, jazz og gospel og mange kjende namn: Ida Cox, Big Joe Turner, Albert Ammons, Meade «Lux» Lewis, Sister Rosetta Tharpe, Count Basie, Sidney Bechet, Sonny Terry og James P. Johnson. Big Bill Broonzy fylte plassen til Robert Johnson, som var vorte drepen tidlegare same år.

Mot slutten av 1950-talet vart Hammond tilsett av Columbia Records. Der produserte han Pete Seeger og Babatunde Olatunji, og oppdaga Aretha Franklin. I 1961 høyrte han folkmusikaren Bob Dylan spele munnspill for Carolyn Hester og gav han ein kontrakt med Columbia og sørgde for at Dylan vart verande hos Columbia trass i protestar frå sjefane. Hammond produserte Dylan sin «Blowin' in the Wind» og «A Hard Rain's a-Gonna Fall». Hammond sørgde òg for at innspelingane til Robert Johnson vart gjevne ut på nytt, ei utgjeving som fekk stor påverknad på seinare musikarar, og skreiv kontraktar med Leonard Cohen og Bruce Springsteen. Hammond pensjonerte seg frå Columbia i 1975, men heldt fram som talentspeidar. I 1983 produserte han debutalbumet til Stevie Ray Vaughan.

Hammond døydde etter fleire hjerneslag i 1987. Han er far til bluesmusikaren John P. Hammond (òg kjend som John Hammond Jr.).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]