John Henry Poynting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Henry Poynting (9. september 1852–30. mars 1914) var ein britisk fysikar.
I 1880 vart han professor i fysikk ved Mason College i Birmingham og i 1900 professor i fysikk ved University of Birmingham. Dei viktigaste arbeida hans er innanfor teorien for elektromagnetisme og elektromagnetiske bølgjer, der namnet hans er knytt til den såkalla poyntingvektoren. Han arbeidde òg med lystrykket og tydinga dette har i solsystemet og med elastisitetsteori.
Kjelder [endre]
John Henry Poynting. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/John_henry_poynting