John Hicks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sir John Richard Hicks (8. april 190420. mai 1989) var ein engelsk økonom. Særleg stor påverknad på økonomisk teori fekk han gjennom at han utvikla IS/LM-modellen, som eit forsøk på å formalisere dei tankane John Maynard Keynes presenterte i The General Theory of Employment, Interest, and Money.

Hicks vart tildelt Nobelprisen i økonomi saman med Kenneth Arrow i 1972. Gjennom karrieren arbeidde han ved fleire universitet, lengst ved Universitetet i Oxford, mellom anna ved Nuffield College.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.