John J. Audubon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto av John J. Audubon på hans eldre dagar
Jaktfalkar

John James Audubon, opphavleg franske namn Jean-Jacques Audubon (26. april 178527. januar 1851), var ein fransk-USA-amerikansk ornitolog, naturhistorikar, jeger og målar. Han er særleg kjend for å ha måla, skildra og katalogiserte Nord-Amerikas fuglar i boka Birds of America.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Audubon, som var fødd i Les Cayes i den franske kolonien Saint-Domingue (i dag i Haiti), utdanna seg i sin første ungdom i Paris til målar under Jacques-Louis David. I 1803 utvandra han til USA og levde deretter som farmar i Pennsylvania og dreiv ivrig ornitologiske studiar.

1826 reiste Audubon tilbake til Europa, der han møtte dei fremste naturforskarane i samtida og byrja utgjevinga av sine framifrå kolorerte teikningar av amerikanske fuglar: Birds of America. Boka kom ut i fire band, med 435 måleri, i London i tida 1828-39. År 1829 vende Audubon tilbake til Nord-Amerika og skreiv tekst til dei førnemnde teikningane. Illustrasjonar og tekst vart utgitt som American ornithological biography, eit fembandsverk som kom ut i Philadelphia frå 1831 til -39.

Etter eit nytt besøk i Europa slo han seg ned på Manhattan ved New York og byrja på eit biletverk over pattedyra i Nord-Amerika; The quadrupeds of America. Verket kom ut i Boston mellom 1843 og -49 i form av tre band. Med teksta til Biography of American quadrupeds (Philadelphia 1846-50) fekk han hjelp av John Bachman.

Dei livaktige skildringane til Audubon var bygt på langvarige undersøkingar i naturen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John J. Audubon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]