John Locke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Locke måla av Herman Verelst.
Namnetrekket til John Locke.

John Locke (29. august 163228. oktober 1704) var ein engelsk lege og tenkjar i opplysingstida, kjend som «far til liberalismen» og grunnleggjaren av den engelske erfaringsfilosofien, empirisme. Locke var den første til å førestilla seg sjølvet som eit reflekterande medvit i ein kropp. Til forskjell frå Descartes sine tidlegare tankar meinte han menneske var fødd utan medfødde idear, men var ei tabula rasa, ei 'blank tavle' som kunne få kunnskap gjennom sansa erfaring. Hans medvitsfilosofi var viktig i å forma den moderne oppfattinga av sjølv og identitet.

Ideane til Locke inspirerte dei franske opplysingsfilosofane Voltaire and Rousseau, fleire skotske opplysingsfilosofar og nordamerikanske revolusjonære som stod bak den amerikanske sjølvstendeerklæringa. Han meinte samfunnskontrakta mellom stat og folket kvilte på samtykke, og at om staten ikkje erkjente dette og verna universelle rettar som liv, fridom og eigedom, hadde folket rett til å gjera opprør.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Locke var fødd i landsbyen Wrington utanfor Bristol i Somerset i England. Kort tid seinare flytta familien til marknadsbyen Pensford, der han voks opp. Faren, også kalla John Locke, arbeidde som advokat medan mora Agnes Keene var garvardotter. Begge foreldra var puritanarar, og John Locke den eldre hadde vore kaptein i kavaleriet til parlamentshæren under Den engelske borgarkrigen.

Minnesmerke over Locke ved Christ Church-colleget i Oxford.

I 1647 hjelpte parlamentsmedlemmet Alexander Popham, som hadde vore kommandant for Locke i hæren, unge John Locke til å gå på den prestisjefylte Westminster School i London. Han kom deretter inn på Christ Church ved Universitetet i Oxford, og fatta interesse for samtidige filosofar heller enn dei klassiske studia på universitetet.

Locke fekk ein bachelorgrad i 1656 og mastergrad i 1658. Frå 1659 underviste han i klassiske språk og moralfilosofi ved universitetet. John Locke studerte også medisin, og i 1674 blei han også bachelor i dette faget. Frå 1667 var han livlege for Lord Ashley, seinare jarlen av Shaftesbury, ved Exeter House i London. Jarlen var grunnleggjar av whigpartiet, og hadde stor innverknad på Locke sine politiske tankar. Mellom 1675 og 1679 reiste Locke i Frankrike, hovudsakleg var han i Paris og Montpellier.

I 1683 måtte både jarlen av Shaftesbury og Locke flykta til Nederland etter at dei blei mistenkte for å ha teke del i Rye House-komplottet om å drepa den engelske kongen og bror hans. Jarlen døydde av sjukdom kort tid detter flukta. Locke vende tilbake etter «Den ærerike revolusjonen» i 1688. Under opphaldet i eksil gjorde han ferdig og gav ut fleire verk: Essay Concerning Human Understanding, Two Treatises of Civil Government og A Letter Concerning Toleration.

Byste av Locke ved Temple of British Worthies i Stowe.
Foto: Philip Halling

John Locke blei invitert av venen Lady Masham til hennar og mannen Francis Masham sin herregard ved High Laver i Essex. Her møtte han fleire framståande folk, som John Dryden og Isaac Newton. Under opphaldet var Locke plaga av dårleg helse grunna astma. Han døydde i 1704 og blei gravlagd i High Laver. Locke gifta seg aldri, og hadde ingen barn.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Idear og sjølvet[endre | endre wikiteksten]

Locke definerte ein person som eit sjølvmedvite fornuftsvesen som oppfattar seg sjølv som eit individ med kontinuerleg eksistens i tid. Samstundes la han vekt på at kroppen også skapar eit menneske.

I hovudverket sitt An Essay Concerning Human Understanding la Locke fram ideen om at mennesket ved fødselen var ei «blank tavle» (tabula rasa), det vil seia at det ikkje har nokre medfødde logiske, moralske eller religiøse førestillingar. I staden får ein desse i løpet av livet gjennom sanseinntrykk og refleksjon. Han meinte sansing gav enkle idear bygde på direkte objekt i den ytre verda, medan idear danna gjennom refleksjon var komplekse og samansette.

Tittelsida til Two Treatises of Government frå 1690.

Politisk teori[endre | endre wikiteksten]

Locke var ein av tenkarane bak klassisk liberalisme. Han tok utgangspunkt i teorien om ein samfunnskontrakt som mellom anna Thomas Hobbes hadde forfekta. Ulikt Hobbes meinte Locke menneskenaturen var prega av fornuft og toleranse, men som Hobbes meinte han at menneske hadde evna til å vera egoistiske.

I Two Treatises of Government forfekta Locke åndsfridom, ytringsfridom og toleranse, verdiar som var i kontrast til det samtidige eineveldet. Han la fram ein naturtilstand bygd på fornuft som gjekk ut på at ei nkvar burde ha rett på liv, helse, fridom og eigedom.[1] Locke sine tankar gav opphav til den vidkjende formuleringa i den amerikanske sjølvstendeerklæringa om retten til «Life, liberty, and the pursuit of happiness».

Omgrep som folkesuverenitet og rettsstryggleik var viktige for han, som dei hadde vore for Hobbes og skulle bli for Rousseau og Montesquieu etter han.

Religionsfilosofi[endre | endre wikiteksten]

Locke hadde ein deistisk religionsfilosofi. Han meinte mennesket måtte innsjå med fornufta at verda var gudeskapt, og at alle religiøse trusretningar måtte godtakast om dei kunne sameinast med fornuftskunnskap. Religiøs toleranse var viktig for Locke, som skreiv sine Letters Concerning Toleration i tida etter dei europeiske religionskrigane. Hovudpunkta for kvifor staten ikkje kunne pålegga nokon ein viss religion var 1) at menneske, og særleg staten, ikkje kunne vurdera påstandane om sanning frå ulike religiøse hald, 2) sjølv om dei kunne, ville ikkje ei påtvinging med vald av den «rette» religionen føra til ekte tru, og 3) påtvungen religiøs eining ville føra til meir sosial uro enn om ein godtok ulike religionar.

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • (1689) A Letter Concerning Toleration (Et brev om toleranse)
    • (1690) A Second Letter Concerning Toleration
    • (1692) A Third Letter for Toleration
  • (1689) Two Treatises of Government (To avhandlinger om styresettet)
  • (1690) An Essay Concerning Human Understanding, 4 band (Om menneskets erkjennelse)
  • (1693) Some Thoughts Concerning Education (Noen tanker om utdannelse)
  • (1695) The Reasonableness of Christianity, as Delivered in the Scriptures
    • (1695) A Vindication of the Reasonableness of Christianity

Viktige posthume utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • (1660) First Tract of Government (or the English Tract)
  • (c.1662) Second Tract of Government (or the Latin Tract)
  • (1664) Questions Concerning the Law of Nature (definitive Latin text, with facing accurate English trans. in Robert Horwitz et al., eds., John Locke, Questions Concerning the Law of Nature, Ithaca: Cornell University Press, 1990).
  • (1667) Essay Concerning Toleration
  • (1706) Of the Conduct of the Understanding
  • (1707) A Paraphrase and Notes on the Epistles of St. Paul

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Life, health, Liberty, or Possessions». Locke, John (1690). Two Treatises of Government (10th edition). Project Gutenberg. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av John Locke ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Locke