John Lyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Lyng

Fødd22. august 1905
Trondheim
Død18. januar 1978 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre, Høgre (1938; 1978)
Yrkediplomat, politikar, advokat, dommar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
Universitetet i Oslo
Universitetet i Heidelberg
BarnJon Lyng
MedlemMot Dag
Alle verv

John Daniel Fürstenberg Lyng (22. august 190518. januar 1978) var statsminister i Noreg frå 28. august til 25. september 1963 og utanriksminister frå 1965 til 1970.

Lyng vart fødd i Trondheim og vart utdanna jurist. I 1947 vart han høgsterettsadvokat. 1943-44 under den andre verdskrigen var han ved den norske legasjonen sitt rekruttkontor i Stockholm, frå mai 1944 ved Justisdepartementet i London. Frå 1945-47 var han statsadvokat i landssviksaker og han gjorde seg spesielt gjeldande som aktor i den store saka mot Henry Rinnan og hans medsamansvorne. Han var dommar i Trondheim byrett i 1945, lagmann i Agder i 1951 og fylkesmann i Oslo og Akershus i 1964-70. Lyng var medlem av Trondheim bystyre, formannskap og finansutval i 1935-45. Han representerte Sør-Trøndelag fylkeStortinget i 1945-53. Han prøvde å vinna eit mandat for Høgre i Telemark fylke ved valet 1953, men nådde ikkje opp. Medlem av Skien bystyre 1955-59. Stortingsrepresentant frå Akershus fylke frå 1958 til 1965.

I partiet Høgre vart han på mange vis arvtakaren til C. J. Hambro og vart parlamentarisk leiar frå 1958 til 1965. Han markerte seg som ein dyktig parlamentarikar med evne for realpolitikk. På fleire område kom Lyng til å stå føre ei omforming av Høgre sine politiske retningsliner. Tilhøvet mellom dei borgarlege partia vart gradvis forbetra. Da regjeringa Gerhardsen gjekk av på Kings Bay-saka i 1963, var Lyng den naturlege statsministeren i den borgarlege samlingsregjeringa i 1963. Regjeringa sat berre ein knapp månad, men la grunnen for samarbeidet med skipinga av Per Borten si regjering i 1965.

John Lyng var medlem av Den norske Nobelkomiteen frå 1964 til 1965. Lyng var far til tidlegare advokat, politikar og forfattar Jon Lyng.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]