John Maclean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Passbilde av MacLean frå 1919.

John Maclean (24. august 187930. november 1923) var ein skotsk sosialist og sjølvstendeforkjempar. Han vart fødd i Glasgow i Skottland, i ein familie av høglandsopphav frå øya Mull. Maclean vart skulelærar, og tok så ein mastergrad ved universitetet i Glasgow. Han blir sedd på som ein av dei leiande figurane i skotsk sosialisme.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Maclean vart overtydd marxist, og han slutta seg til Social Democratic Federation SDF, som sidan skipa British Socialist Party BSP. Han arbeidde mellom anna ilag med vennen James Maxton mot første verdskrigen, ein krig han såg som ein imperialistisk krig som sette arbeidarar opp mot kvarandre.

Den politiske aktiviteten hans gjorde at styresmaktene vart merksame på han, og i 1915 vart han sparka frå lærarjobben. Derfor vart han heiltids forelesar og organisator for glasgow-arbeidarane. Seinare kom han til å skipe Scottish Labour College. I 1916 vart han òg fengsla for antikrigsarbeidet sitt. Dette var den første av fleire fengslingar han vart utsett for på grunn av meiningane sine.

Da Det britiske kommunistpartiet CPGB vart skipa i 1920, var BSP den største av dei konstituerande organisasjonane. Men Maclean vart snart framandgjord frå kommunistpartiet, og han gjekk inn i Socialist Labour Party SLP same året. Dette var fordi han var i ferd med å utvikle ei tru på at dei skotske arbeidarane raskare kunne gå i ei meir radikal retning enn dei engelske og valisiske, og SLP var i hovudsak eit skotsk parti i røynda.

Maclean vart enda meir nasjonalistisk i tankegangen, og da det synte seg at SLP ikkje ville gå inn for sjølvstende, skipa han i 1923 Scottish Workers Republican Party SWRP, som kombinerte radikal sosialisme med tru på fullt skotsk sjølvstende. Partiet var sterkt påverka av tenkinga til den irske sosialisten James Connolly, som vart avretta etter Påskeopprøret i 1916.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Da Maclean døydde seinare same året som partiet hans vart skipa, berre 44 år gammal, med ei helse nedbroten av fleire fengselsopphald, stod tusenvis av menneske langs gatene i Glasgow for å vise han siste æra. Slik hadde ryet hans auka før han døydde.

Han etterlét seg ei arv som både arbeidarrørsla og sjølvstenderørsla i Skottland har hevda å halde levande, noko som er mesta eineståande. Det nye Scottish Socialist Party SSP (skipa 1998) hevdar dei no fører Maclean-tradisjonen vidare. Det gjeld særleg SSP-fraksjonen Scottish Republican Socialist Movement SRSM.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Du kan mellom anna lese meir om John Maclean hos SRSM