John McCain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Sidney McCain III.

John Sidney McCain III (fødd 29. august 1936) som vart fødd på basen Coco Solo i den då amerikanske Panamakanalsona, er ein politikar i USA. McCain er senator for Det republikanske partiet og for delstaten Arizona. I 2008 var McCain kandidat for Det republikanske partiet til presidentvalet i USA, men han tapte mot Barack Obama.

John McCain er kjend for deltakinga si som flygar i Vietnamkrigen, og for at han sat fem år i krigsfangenskap i Hanoi.

John McCain slutta i US Navy i 1981 og byrja med politisk arbeid på heiltid. Han vart i 1982 vald som representant i Representanthuset i den amerikanske Kongressen og sat der i to periodar før han i 1986 vart valt til Senatet. McCain er kjend som ein uavhengig konservativ politikar, og det vert ofte vist til at han har støtta saker som Det republikanske partiet har vore lunkne til eller motstandarar av. Like fullt viser røystetala at han har støtta president George W. Bush i 90 % av sakene i Senatet. Som presidentkandidat har han lagt opp til ein økonomisk politikk som ligg nær opp til presiden Bush sin politikk. McCain har derimot vore i konflikt med dei kristne høgrekreftene i USA, og det er nok ein del av av grunnen til at han nominerte den konservative Sarah Palin som visepresidentkandidat.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Både McCains far og farfar var admiralar i Den amerikanske marinen. Faren kommanderte dei amerikanske flåtestyrkane rundt Vietnam mens John McCain var krigsfange der. Bestefaren kommanderte flystyrkar i Stillehavet under andre verdskrigen.[1]

Under dei første ti år av John McCains liv var familien stendig på flyttefot. Dei følgde posteringane til faren til New London i Connecticut, Pearl HarborHawaii og fleire andre flåtestasjonar i Stillehavet.

Etter at andre verdskrigen var over slo familien seg ned i det nordlege Virginia; McCain gjekk på St. Stephen's. School i Alexandria i Virginia frå 1946 til 1949, og seinare Episcopal High School same stad. Alt i alt gjekk han på 20 forskjellige skolar under oppveksten.[2]

John følgde i faren og farfarens fotspor og tok ei militær utdanning. Men den unge McCain var ein rebell, festar og bråkmakar; han vart uteksaminert frå det amerikanske marineakademiet som ein av dei dårlegaste elevane i sitt kull. Vendepunktet vart krigen i Vietnam. Her var han jagarpilot, men flyet hans vart skote ned i juli 1967. John McCain måtte gjennomgå fem tøffe år i fangenskap i Hanoi. Sidan far hans hadde ein framståande posisjon, fekk John McCain tilbod om å sleppe ut av krigsfangenskapen. Dette tilbodet avslo han; i solidaritet med fangekameratane sine vile han følgje praksisen om at fangane vart slepte ut i den rekkjefølgja dei var tekne til fange. I staden måtte han halde ut langvarig mishandling og tortur.

Seinare har McCain sagt at fangeåra vart eit personleg vendepunkt for han; i fengselet vart augo hans opna for saker som var større enn han sjølv.

McCain starta sin politiske karriere som medlem i Kongressen i USA (United States House of Representatives) i 1982, der han var blant Ronald Reagan sine støttespelarar. Fire år seinare vart han vald inn i Senatet. Her har har markert seg på line med demokratane i mange, spesielt sosialpolitiske, saker. Difor har han enno ein avgrensa tillit blant dei kristenkonservative veljarane.

Den militære bakgrunnen vert rekna som McCains største politiske aktivum. Innsatsen i Vietnam gjev senatoren truverde og respekt. Men han framstår som ein utanrikspolitisk hauk, og i 2003 var han blant dei ivrigaste støttspelarane for invasjonen i Irak.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]