John McVie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John McVie

John McVie me Fleetwood Mac den 3. mars 2009 i St. Paul i Minnesota
Fødd26. november 1945 (78 år)
FødestadEaling i London
FødenamnJohn Graham McVie
OpphavStorbritannia
Aktiv1963 til i dag
SjangerRock, blues
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarJohn Mayall's Bluesbreakers (1963–1967), Fleetwood Mac (1967 til i dag), John McVie's «Gotta Band» with Lola Thomas (1992)
PlateselskapReprise, Blue Horizon
Verka somMusikar
Gift medChristine McVie

John Graham «Mac» McVie (fødd 26. november 1945) er ein britisk bassgitarist som er mest kjend som medlem i John Mayall & the Bluesbreakers og Fleetwood Mac. Etternamnet hans, i lag med etternamnet til Mick Fleetwood, var inspirasjonen til bandnamnet. Han kom med i Fleetwood Mac kort tid etter bandet vart danna av gitaristen Peter Green i 1967, og erstatta bassisten Bob Brunning.

I 1968 gifta han seg med bluespianiste og songaren Christine Perfect, som vart medlem av Fleetwood Mac to år seinare. John og Christine McVie skildra seg i 1977. På denne tida spelte bandet inn albumet Rumours, som vart ein enorm suksess. Tittelen kom av uroa i forholdet til McVie-familien og forholda til andre bandmedlem. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 for arbeidet sitt i Fleetwood Mac.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

John Graham McVie vart fødd i Ealing vest i London av Reg og Dorothy McVie og gjekk på Walpole Grammar School. 14 år gammal byrja han å spele gitar i lokale band, som spelte songar av The Shadows.[1] Han forstod raskt at venene hans var betre på sologitar, og valde derfor å i staden å spele bassgitar. I starten fjerna han berre dei to lysaste strengane frå gitaren og spelte bass på denne, før faren kjøpte han ein rosa Fender bassgitar,[1] same type og farge som ein av dei store, tidlege inspirasjonskjeldene til McVie, Jet Harris, som var bassist i The Shadows. John gjekk i klasse 3J med Roger Warwick, ein saksofonist som gjekk i lære hos Don Rendell og byrja å spele i rock-jazz-miljøet i London. Læraren deira, Mr. Howell (som var pianist), gav elevane tid og rom til å bruke skuleutstyret til å øve og lære seg den nye musikken, som han sjølv ikkje likte.

Kort tid etter han slutta på skulen, 17 år gammal, studerte McVie i ni månader for å bli skatteinspektør, samstundes som han starta den musikalske karrieren sin.[2]

Tidleg musikk[endre | endre wikiteksten]

McVie byrja å lage musikk i lag med ei gruppe i bakrommer i eit hus i Lammas Park Road i Ealing og venene John og Peter Barnes, som seinare danna ei gruppe kalla The Strangers med venene Tony Wells og Ken Pollendine.

Den første jobben John McVie fekk som bassist var i eit band kalla Krewsaders, danna av gutar som budde i same gata som McVie i Ealing. «Krewsaders» spelte hovudsakleg i bryllaup og på festar, og spelte songar av The Shadows.[3]

John Mayall's Bluesbreakers[endre | endre wikiteksten]

Samstundes som McVie byrja å arbeide som skatteinspektør, starta John Mayall eit Chicago-bluesband kalla John Mayall's Bluesbreakers. I starten ønskte Mayall bassisten Cliff Barton frå Cyril Davies All Stars med seg i det nye bandet. Barton avslo, men gav han telefonnummeret til John McVie, og bad Mayall å undersøkete denne talentfulle, unge bassisten.[3] Mayall tok kontakt med McVie og bad han prøvespele for bandet hans. Kort tid etter fekk McVie jobben som bassist i the Bluesbreakers. McVie tok i mot tilbodet, men fortsette i dagjobben sin dei neste ni månadane, før han vart heiltidsmusikar.[4] Under Mayall lærte McVie, som ikkje hadde hatt noko formell musikkopplæring, å spele blues ved å lytte til plater av B.B. King og Willie Dixon som han fekk av Mayall.[3]

Peter Green og Mick Fleetwood[endre | endre wikiteksten]

I 1966 kom ein ung Peter Green med i Mayall's Bluesbreakers som den nye sologitaristen i bandet, etter Eric Clapton, den tredje gitaristen i bandet (etter Bernie Watson og så Roger Dean), hadde slutta. Ei stund seinare, etter innspelinga av A Hard Road, vart trommeslagaren Aynsley Dunbar erstatta av Mick Fleetwood. Green, McVie og Fleetwood danna raskt eit sterkt venskap, og då John Mayall gav Green gratis studiotid i bursdagsgåve, fekk Green med seg McVie og Fleetwood til å spele inn musikk med han. Innspelinga vart produsert av Mike Vernon, og dei spelte inn tre spor i lag, «Curly», «Rubber Duck» og ein instrumental kalla «Fleetwood Mac».[5] Seinare same året, etter å ha blitt erstatta av Mick Taylor i the Bluesbreakers, danna Peter Green sitt eige band, som han kalla «Fleetwood Mac» etter rytmeseksjonen hans ønskte å ha med (Fleetwood og McVie). Mick Fleetwood vart med med ein gong, etter at han hadde fått sparken i Bluesbreakers fordi han drakk for mykje. McVie var derimot motvillig til å bli med Fleetwood Mac, og ønskte ikkje å gje opp den trygge og godt betalte jobben i the Bluesbreakers. Green var derfor nøydd til å hente ein annan bassist, Bob Brunning. Eit par veker seinare ombestemte McVie seg, sidan han følte at den musikalske retninga til The Bluesbreakers gjekk for mykje mot jazz, og han vart med i Fleetwood Mac på bass i september 1967.[6]

Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

John McVie med Fleetwood Mac, 18. mars 1970

Med McVie no i Fleetwood Mac spelte bandet inn det første albumet sitt, Fleetwood Mac dei neste månadane. Albumet kom ut i februar 1968 og vart ein stor nasjonal hit, og gjorde Fleetwood Mac til ein stor del av den engelske bluesrørsla.[1] Fleetwood Mac byrja å spele konsertar i bluesklubbar og pubar over heile England. Dei neste tre åra gav bandet ut ei rekkje store hittar i Storbritannia og fekk òg stor suksess elles i Europa.

Christine Perfect[endre | endre wikiteksten]

Medan dei var på turné, spelte Fleetwood Mac ofte på same stader som eit anna bluesband, Chicken Shack. Det var ved eit slikt høve at McVie møtte den framtidige kona si, songaren og pianisten i Chicken Shack, Christine Perfect. Etter berre to veker saman, gifta McVie og Perfect seg, med Peter Green som forlovar. Sidan paret spelte i kvar sitt band, såg dei sjeldan kvarandre, så Christine (no McVie) slutta i Chicken Shack og vart husmor for å kunne vere meir saman med John.[7] Då Peter Green slutta i Fleetwood Mac i 1970, fekk McVie overtydd Christine til å bli med han i Fleetwood Mac.

Internasjoal suksess og personleg liv[endre | endre wikiteksten]

I åra som følgde gjekk Fleetwood Mac gjennom mange endringar i besetninga, som stundom førte til friksjon og uro i bandet. I tillegg førte det store alkoholkonsumet til John McVie og det stadige turnélivet til at forholdet til Christine byrja å skrante. I 1974 flytta McVie-familien og resten av Fleetwood Mac til Los Angeles, der dei ei kort stund budde hos John Mayall.[8] I 1975 fekk Fleetwood Mac enorm verdsomfattande suksess etter å ha henta inn den amerikanske duoen Stevie Nicks og Lindsey Buckingham. Samstundes som populariteten auka, gjekk ekteskapet til McVie-familien mot slutten og i 1976, under innspelinga av Rumours, skilde John og Christine McVie seg. For å legge sorga bak seg og få ein endeleg slutt, handla fleire av songane til Christne på albumet om John McVie, særleg songen «Don't Stop».[9] John McVie gifta seg på ny i 1978 med Julie Ann Reubens, men fortsette å drikke tett.

I 1981 gjekk McVie med på å turnere med Bluesbreakers igjen for den såkalla «Reunion Tour» med John Mayall, Mick Taylor og Colin Allen. I 1982 turnerte bandet i Amerika, Asia og Australia.

Alkoholmisbruket førte i 1987 til at McVie fekk eit anfall, og dette fekk han endeleg til å bli tørrlagd, noko han har vore sidan. I 1989 vart McVie far for første gong, i lag med kona Julie Ann, då dei fekk dottera Molly McVie.

I 2013 annonserte McVie at han hadde fått kreft og gjekk til behandling for dette.[10] Han har halde fram å spele med Fleetwood Mac i 2014, etter at behandlinga gjekk bra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

År Album US UK Informasjon
1968 Fleetwood Mac 198 4 Med den einaste Fleetwood Mac-songen med Bob Brunning på bass – «Long Grey Mare»
1968 Mr. Wonderful - 10 -
1969 Then Play On 192 6 tilskriven instrumentalen «Searching For Madge»
1970 Kiln House 69 39 medlåtskrivar «Station Man"
1971 Future Games 91 - -
1972 Bare Trees 70 - Biletet på omslaget var teken av McVie
1973 Penguin 49 - -
1973 Mystery to Me 68 - medlåtskrivar på «Forever»
1974 Heroes Are Hard to Find 34 - -
1975 Fleetwood Mac 1 23 -
1977 Rumours 1 1 skreiv basslinja på «The Chain»
1979 Tusk 4 1
1980 Live 14 31 -
1982 Mirage 1 5 Korvokal på Gypsy-B-sida «Cool Water»
1987 Tango in the Night 7 1 -
1988 Greatest Hits 14 3 -
1990 Behind the Mask 18 1 -
1995 Time - 47 -
1997 The Dance 1 15 korvokal på «Say You Love Me»
2003 Say You Will 3 6

med John Mayall's Bluesbreakers[endre | endre wikiteksten]

År Album US UK Informasjon
1965 John Mayall Plays John Mayall Live ved Klooks Kleek
1966 Blues Breakers with Eric Clapton -
1967 A Hard Road -
1967 Crusade -

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album US UK Informasjon
1992 John McVie's «Gotta Band» with Lola Thomas - - -

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mick Fleetwood (1990). Fleetwood–My Life and Adventures with Fleetwood Mac. Sidgwick & Jackson Ltd. ISBN 0-283-06126-X. 
  2. http://www.fleetwoodmac.net/penguin/john.htm John McVie at The Penguin Biographies fleetwoodmac.net. Retrieved 21 October 2011
  3. 3,0 3,1 3,2 "De Guitarist (04/1998), Fleetwood Mac's John McVie didn't stop Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine. Blue Letter Archives. Henta 5. mai 2015"
  4. "John McVie Q&A", The Penguin. URL last accessed 5. mai 2015
  5. «Insight BBC Interview». Fmlegacy.com. Arkivert frå originalen 7. september 2008. Henta 5. mai 2015. 
  6. "Bassplayer (05/06/1995), A life with Fleetwood Mac – John McVie Arkivert 2010-09-24 ved Wayback Machine.", Blue Letter Archives. henta 5. mai 2015
  7. "Melody Maker (05/24/1969) No Domestic Oblivion For Christine Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine.", Blue Letter Archives. URL last accessed 5. mai 2015
  8. "Rolling Stone (06/07/1984), From British blues with Chicken Shack to softrock with Fleetwood Mac Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine.", Blue Letter Archives. Henta 5. mai 2015
  9. Brunning, Bob .(2001). Rumours And Lies: The Fleetwood Mac Story. ISBN 978-1-84449-011-0. Retrieved 2 January 2007.
  10. https://www.facebook.com/FleetwoodMac URL last accessed 2013-12-27

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]