John Miles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Miles

John Miles under Night of the Proms i 2013.
Fødd23. april 1949 (75 år)
FødestadJarrow i Tyne & Wear i England
Død5. desember 2021
DødsstadNewcastle upon Tyne
FødenamnJohn Errington
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerProgressiv rock
InstrumentVokal, klaverinstrument, gitar
Tilknytte artistarTina Turner, The Alan Parsons Project, The Influence, The John Miles Set, John Miles Band, Jimmy Page
Verka somMusikar, låtskrivar, musikalsk leiar
BornJohn Miles junior

John Miles (fødd 23. april 1949 som John Errington)[1]) er ein britisk rockemusikar, låtskrivar, gitarist og klaverspelar, mest kjend for hitsingelen «Music» frå 1976.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då han gjekk på Jarrow Grammar School var Miles medlem av eit lokalt band kalla The Influence, der òg Paul Thompson, som seinare spelte trommer i Roxy Music,[3] og Vic Malcolm, seinare sologitarist i Geordie.[1] Dette bandet gav ut singelen «I Want to Live» (Orange Records, 1969[4]). Etter dette skipa han The John Miles Set, før han lanserte ein solokarriere i 1971.[1]

Suksess[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra gav han ut fire album, inkludert Rebel (1976),[5] Stranger in the City (1977),[6] og Zaragon (1978).[7] John Miles fekk mest suksess med singlane sine og gav i alt ut atten av dei på denne tida. I tilelgg til «Music», fekk han hittar i Storbritannia med «Highfly» (1975), «Remember Yesterday» (1976) og «Slow Down» (1977).[2] Dei fleste av songane hans vart skrivne i lag med bassisten i gruppa hans, John Bland.

På toppen av suksessen i 1976 og 1977, spelte Miles ofte på det britiske popshowet Supersonic. Debutalbumet fekk noko merksemd i USA. To singlar frå debutalbumet nådde den amerikanske Billboard Hot 100-lista. «Highfly» nådde 68. plassen medan «Music» nådde 88. plassen. «Slow Down» vart den største hitten hans i USA med ein andreplass på disco-lista,[8] og ein 34. plass på Billboard Hot 100 i juni 1977. Han vart seinare nytta i filmen Players i 1979 med Ali MacGraw og Dean Paul Martin.

I 1980-åra fortsette Miles å spele inn musikk og turnere.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1985 har Miles delteke nesten kvart år på Night of the Proms, ei rekkje konsertar halde kvart år i Belgia, Nederland, Tyskland, Luxembourg, Polen, Danmark og USA. Konsertane består av ei blanding av popmusikk og populær klassisk musikk, og forskjellige velkjende musikarar og grupper. Mile framfører alltid «Music», og syng òg andre songar.

Miles har òg turnert med Tina Turner sidan 1987, og ofte fylt rolla til Bryan Adams på duetten deira. Miles har òg ofte vore gjestevokalist på album av The Alan Parsons Project. Han spelte på Jimmy Page-albumet Outrider i 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «John Miles». Mtv.co.uk. Henta 10 December 2013.
  2. 2,0 2,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 366. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. «John Miles explores with Sympathy». Madison Courier. 11 April 1980. s. 9. 
  4. «Early Days of Orange." Premiergitar.com (July 2011). Henta 13. mai 2016.
  5. Meyer, Bruce (20 Mai 1976). «Sisters Make Heart Throb». Spokane Daily Chronicle. s. 10. 
  6. Whelan, Tim (27 Mai 1977). «Electronics, pop and pop parodies». The Leader-Post. s. 71. 
  7. Patterson, Rob (20 June 1978). «Genesis, British Rock Group, Carries On, Solid». Portsmouth Times. s. 7. 
  8. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974–2003. Record Research. s. 176. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]