John Neergaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Neergaard

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1795
Rindal kommune
Død

15. juni 1885 (89 år)
Gjemnes kommune

Yrke politikar, bonde, lensmann
Språk norsk
John Neergaard på Commons

John Gundersson Neergaard (11. november 179515. juni 1883) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå RindalNordmøre. Han var lensmann og ordførar i Øre. Mellom 1827 og 1854 var han mange gonger stortingsmann. «John Neergaard arbeidde for å gje bøndene meir makt i den nasjonale politikken og var den fyrste store politiske agitatoren her til lands».[1] I 1830 gav han ut agitasjonsboka «En Odelsmanns Tanker om Norges nærværende Forfatning», kjend som Ola-boka. Han var sentral i arbeidet med innføringa av kommunalt sjølvstyre i Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Neergaard var fødd i Rindal. I barndomen var han gjetar og var sidan plaga med gikt. Av dette fekk han interesse for medisin og tileigna seg gjennom lesing kunnskap om emnet. Seinare kom han med sjukeråder til helseplaga folk, og kom såleis i konflikt med kvakksalvarlova. Han skaffa seg kunnskap om lovverket òg, slik vart han talsmann for bøndene overfor embetsmakta.

Neergaard var i 1827 representant for Romsdals amtStortinget. Embetsmennene motarbeidde han på ymse vis, mellom anna med å sørgje for at han som varamann til 1830-tinget ikkje vart innkalla då ein av representantane frå Romsdals amt vart sjuk.

I 1830 skreiv han den såkalla Ola-boka, ei bok som la vinn på å gje bøndene innsikt i deira politiske situasjon og lære dei korleis dei skulle betre sine kår gjennom politisk handling. Dei neste åra reiste han rundt i landet og spreidde både boka og bodskapen gjennom samtalar med bygdefolk.

Til stortinget 1833 meir enn dobla talet på tingvalde bønder seg, frå 21 til 45, og for første gongen var det fleire bønder enn embetsmenn på Stortinget. Neergaard kom inn att på tinget og vart ein av dei leiande i bondeflokken. Kommunalt sjølvstyre stod i fremste rekke for tingbøndene. I august 1833 vedtok Stortinget eit framlegg som skulle leie fram til formannskapslovene. Neergaard var hovudmannen bak lovframlegget, bakgrunnen for at han har vorte kalla far til formannskapslovene. Neergaard deltok på ni tingsamlingar og fremja mange nye forslag, alle retta mot å betre tilhøva for bøndene.

I 1836 fekk Neergaard lensmannsombodet i Øre på Nordmøre, ei stilling han hadde til 1854. Han vart då suspendert og tre år seinare frådømt stillinga, for å ha drive svikhandel. Trass i at han vart avsett som lensmann, var han ordførar i Øre herad i to periodar. Knapt 50 år gammal gifta han seg med ei gardenkje på Dønnem i Øre. Gardsdrifta tok han lite del i, men sørgde for å vere tidleg ute med nye innretningar som treskeverk og sirkelsag.

Neergaard kjøpte opp mange gardsbruk, og han tente godt på utlån av pengar. Tidlegare hadde han elles drive hesthandel. Måten han dreiv ein del av denne handelen på, sanka misnøye hos bygdefolk på Nordmøre og vidare. I eit essay i Ferdaminne frå sumaren 1860 formidlar Aasmund Olavson Vinje eit kritisk syn på Neergard, utan namnet hans vert nemnt.

Neergaard døydde i Øre i 1883.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • En Odelsmands Tanker om Norges nærværende Forfatning tilligemed en Samtale indeholdende Veiledning for Bønder til en rigtigere Fremgangsmaade ved Udkaarelsen af Valgmænd og Repræsentanter (på folkemunne kalla Ola-boka), 1830 (6. oppl. 1978)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]