John O'Shea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John O'Shea
Johnoshea.jpg
Personleg informasjon
Namn John Francis O'Shea
Fødselsdato 30. april 1981
Fødestad Waterford i Irland
Høgd 191 cm
Posisjon Forsvar, midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Sunderland
Ungdomsklubb
Flag of England.svg Manchester United
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-2011
2000
2001
2011-
Flag of England.svg Man. United
Flag of England.svg Bournemouth
Belgia Royal Antwerp
Flag of England.svg Sunderland
256 (10)
10 (1)
14 (0)
0 (0)
Landslag**
2000-02
2001-
Irland Irland U21
Irland Irland
13 (1)
70 (1)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 7. juli 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 9. februar 2011.

John O'Shea (fødd 30. april 1981 i Waterford) er ein irsk fotballspelar som spelar for Sunderland i engelsk Premier League og for det irske landslaget. O'Shea spelte før dette heile karrieren sin fram til han var 30 år, utanom to utlånsperiodar, for Manchester United, og har vorte seriemeister med dei i 2003, 2007, 2008 og 2009. Han var med på å vinna den europeiske Meisterligaen i 2008.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Han vart funnen av speidarar frå Manchester United mens han spelte for ein lokal klubb i Waterford. Han skreiv under proffkontrakt med United som 17-åring og debuterte i ein ligacupkamp mot Aston Villa i 1999. I 2000 var han på utlån hjå Bournemouth i den tredje høgste divisjonen, og i 2001 var han på utlån hjå Royal Antwerp i den belgiske toppdivisjonen. I 2002/03-sesongen braut han gjennom på Manchester United sitt førstelag. Han var kaptein for United første gong i ein kamp mot Birmingham City i 2009/10-sesongen. Sommaren 2011 gjekk han til Sunderland.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

O'Shea debuterte for det irske A-landslaget 15. august 2001 som innbytar i ein heimekamp mot Kroatia. Debuten hans var lite vellykka, då han gav bort eit straffespark som Kroatia skåra på, noko som førte til at kampen enda uavgjort. Han kom ikkje med i Irland sin tropp til fotball-VM i 2002, men har seinare vorte fast på Irland sitt landslag, som oftast som midtstoppar. Han skåra det første landslagsmålet sitt 19. august 2003 i ein privatlandskamp mot Australia.

Anna[endre | endre wikiteksten]

O'Shea har spelt i alle posisjonar for Manchester United, også som keeper i sluttminutta av ein ligakamp mot Tottenham Hotspur i februar 2007. Han gifta seg 8. juni 2010.