John Olav Nilsen & Gjengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Olav Nilsen & Gjengen

OpphavLoddefjord i Bergen
Aktiv2006-2013
SjangerPop, rock
PlateselskapVoices Music & Entertainment
MedlemmerJohn Olav Nilsen - vokal
Einar Vågenes - gitar
Andrew Amorim - trommer
Lars Eriksen - gitar
Daniel Maranon - perkusjon
Tim Bjerke - bass
Alastair Gilfoyle - keyboard/ synthesizer
Tidlegare medlemmerMagnus Bøe Michelsen - keyboard
Robert Eidevik - bass
Jan Henning Buen - gitar
Nam Phoung Nguyen - bass, trommer
Jan Eivind Bertelsen - gitar
Anand Chetty - keyboard
PrisarSpellemannprisen i rock

John Olav Nilsen & Gjengen er eit norskspråkleg pop/rock-band frå Loddefjord i Bergen. Frontfigur i bandet er John Olav Nilsen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart skipa i Bergen i 2006, med unntak av to av medlemene som kom med seinare. I 2007 og 2008 hadde dei ein del konsertar i Bergensområdet, m.a. saman med bandet Fjorden Baby!.

Bandet begynte for alvor å bli kjende i 2008 då dei vart kåra til Ukens Urørt, og kom på tredje plass i Årets Urørt-finalen, då Pony the Pirate vann. Vidare deltok bandet på By:larm i Oslo 2009 og gav ut debutalbumet For sant til å være godtVoices Music & Entertainment seinare same året. Plata vart svært godt motteken med fleire terningkast 6 og 5 frå norske aviser. På slutten av året vart albumet kåra til Årets norske album av m.a. Aftenposten og Dagbladet.

Under Spellemannprisen 2009 vann dei i klassen rock for debutalbumet. I tillegg var dei nominerte i klassen årets nykomar, men tapte mot Donkeyboy.

I februar 2011 kom oppfølgjarplata Det nærmeste du kommer ut på same plateselskapet. Ei melding i Aftenposten omtalte albumet som «godt, men ikkje hundre prosent vellukka».[1]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 10 ganger 1000 (2009)
  • Valiumsvalsen (2009)
  • Hull i himmelen (2009)
  • Skrekkfilm (2011)

Plater[endre | endre wikiteksten]

  • For sant til å være godt (2009)
  • Det nærmeste du kommer (2011)
  • Den eneste veien ut (2012)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia, 4. februar 2011.