John Peckham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Peckham

Fødd ca. 1227
Lewes
Død

8. desember 1292 (65 år)
Canterbury

Yrke katolsk prest, teolog, filosof, skribent
Språk latin
Religion Den romersk-katolske kyrkja
John Peckham på Commons

John Peckham eller Pecham (ca. 12308. desember 1292) var ein engelsk teolog og naturforskar. Han var erkebiskop av Canterbury frå 1279 til 1292.

Han studerte ved universiteta i Paris og Oxford, og tredde inn i Fransiskanerordenen i 1240-åra. Han arbeidde ei tid som lærar og kom i konflikt med Thomas Aquinas. Han var kjend som ein konservativ teolog og var imot Aquinas sitt syn på sjela. Peckham studerte òg optikk og astronomi, og studiane hans på desse felta var påverka av Roger Bacon.

Han virkte frå 1277 ved den pavelige kurien i Roma, før han i 1279 vart utnemnd til erkebiskop av Canterbury. Tida hans som erkebiskop var prega av forsøk på å auke disiplinen hos prestestanden og omorganisere eigedomane i erkebispedømet. Pluralisme, det å ha meir enn eitt prestekall på ein gong, var noko Peckham kjempa mot. Han tente kong Edvard I av England i Wales. Under tida som erkebiskop sirekv han fleire verk om optikk, filosofi og teologi, i tillegg til at han skreiv salmar. Fleire manuskript frå verka hans har overlevd. Då han døydde vart han gravlagd i Canterbury katedral, men hjartet vart gjeve til fransiskanarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]