John Peel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Peel

Fødenamn John Robert Parker Ravenscroft
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 30. august 1939
Heswall i England
Død

25. oktober 2004
Cusco i Peru

Dødsårsak Hjerteinfarkt
Yrke Disc jockey
Språk engelsk
Nettstad http://www.bbc.co.uk/radio1/johnpeel/
John Peel på Commons

John Robert Parker Ravenscroft (30. august 193925. oktober 2004), kjend som John Peel, var ein populær og respektert engelsk DJ, radiopersonlegdom og journalist. Han jobba for BBC Radio 1 frå 1967 til han døydde i 2004, og var blant dei første som spelte reggae og punk på britisk radio. Mest kjend er han kanskje for sine mange peel sessions, opptak gjort i BBC sine studio med mange av dei største banda og artistane, ofte før dei vart allment kjende.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

John Ravenscroft vart fødd i Heswall på Wirral-halvøya nær Liverpool, og voks opp i landsbyen Burton, og som 13-åring vart han send til kostskolen Shrewsbury School. Ein lærer ved skulen, R.H.J. Brooke, hugsa Peel godt, spesielt sansen hans for «bråkete musikk» og lange og vittige stilar.[1] I sjølvbiografien, som vart utgjeven etter han døydde, avslørte Peel at han hadde vorte seksuelt misbrukt av ein eldre elev.[2]

Verneplikta utførte John frå 1957 til 1959 som radar-operatør. Etterpå fekk han arbeid ved bomullsfabrikken Townhead Mill i Rochdale.

USA-opphald[endre | endre wikiteksten]

I 1960 drog John Ravenscroft til USA for å jobbe for ein bomullsprodusent som hadde forretningar med faren hans, ein bomullshandlar. Under påskot av å ville finne ut meir om bomullsindustrien vart Peel eit år i Dallas, og jobba som forsikringsseljar. Eigenleg låg interessa hans i den nye musikkstilen rock'n'roll som var på frammarsj i USA.

Ravenscroft utnytta The Beatles sin popularitet i USA, og ved å leggje om målet til ein breiare Liverpool-dialekt fekk han innpass i fleire radiokanalar som sjølvutnemnd Beatles- og Liverpool-ekspert. Sjølv sa han seinare at han ikkje hadde vore i Liverpool på årevis og visste ingenting om The Beatles. Hans første betalte radiojobb var som fast DJ i radiostasjon KLIF i Dallas. Etter snikmordet på John F. Kennedy i 1963 gav han seg ut for å vere reporter for avisa Liverpool Echo og kom seg inn på pressekonferansen der Lee Harvey Oswald vart vist fram for pressa etter å ha blitt sikta for drapet.

Året etter flytta Ravenscroft til Oklahoma City for å jobbe for radiostasjonen KOMA. Her gifta han seg òg for første gongen, med Shirley Anne Milburn. Dei vart skilt i 1971] og Peel snakka sjeldan om dette ekteskapet. I Dallas og Oklahoma City måtte han spele listemusikk for hylande Beatles-fanst, og det var først då han flytta til KMEN i San Bernardino i California han fekk frie tøymer, og kunne spele det han sjølv ville.

BBC Radio 1[endre | endre wikiteksten]

Tilbake i England i 1967 byrja John Ravenscroft i piratradio-stasjonen Radio London, og fekk sitt eige program frå midnatt til klokka to. Peel nekta å spele musikk frå hitlistene, og introduserte i staden musikk han hadde oppdaga i USA til dei britiske radiolyttarane, slik som Captain Beefheart, The Doors, og Frank Zappa og The Mothers of Invention. Han gjekk heller ikkje av vegen for å lese opp poesi og artiklar frå radikale aviser, eller diskutere politikk. Det var i Radio London han byrja å bruke namnet John Peel, eit namn han fortsette å bruke òg då han bytta til nystarta BBC Radio 1 same året, etter at Radio London vart stengt.

Peel si kontrakt med BBC kravde at kvart program skulle ha to eller tre artistar tekne opp i opptaksstudioet til BBC, seinare kjent som «Peel sessions». Desse opptaka har gjeve fleire tusen band gratis opptakstid og garantert radiospeling. Verken sjefar i Radio 1 eller delar av lyttarane var like entusiastiske som Peel i valet av musikk, og det hende seg han fekk klager. Peel var i stor grad ansvarleg for å ha introdusert BBC-lyttarane til musikk som punkrock, reggae, hip-hop og elektronisk musikk. I 1973 spelte han heile Mike Oldfield-albumet Tubular Bells, eit album som seinare fekk stor suksess og hjelpte Richard Branson sitt nystarta plateselskap Virgin med å etablere seg.

I januar 1968 fekk Peel òg ansvaret for endå eit program, Night Ride på onsdagar frå midnatt til klokka eitt. Night Ride var totalt ulikt andre radioprogram på denne tida. John Lennon og Yoko Ono spelte eit opptak av hjarteslaga til det ufødde barnet sitt, og Peel fekk mykje mediaomtale etter han i ein debatt glatt innrømde at han hadde hatt ein kjønnssjukdom, og sa at meir burde bli gjort for å lære opp ungdom om risikoen for å få dette.

I 1969 starta han opp sitt eige plateselskap, Dandelion, og knytt til seg ei rekkje ikkje-kommersielle band. Han hadde òg ein idé om å starte eit band kalla 101 Sharons, der intensjonen var å finne 101 songarinner med namnet Sharon. Han skal ha gjeve opp prosjektet då han kom til 40.[3]. Dandelions manglande inntekter førte til at det opphøyrde i 1972, etter 27 albumutgjevingar

Introduksjonen av punkrocken i 1976 delte lyttarskaren hans, og han fekk til og med trusselbrev. Han fortsette likevel å spele den musikken han sjølv følte var interessant, og var først ute med å spele Sex Pistols sin «God Save the Queen». Radio 1s stasjonssjef Derek Chinnery, ein innbiten motstandar av punk, kontakta i 1977 Peel sin produsent John Walters og ville ha forsikringar om at det ikkje vart spelt punk i Peels sendetid. Chinnery vart mildt sagt overraska då Walters kunne fortelje at dei hadde spelt lite anna.[4]

Peel Acres

I dei seinare åra sende Peel ofte frå heimen sin «Peel Acres» i Suffolk. I tillegg til enno å spele ny musikk, spelte han òg fleire gamle, obskure låtar, mellom anna spelte han ofte ein song utvald av kona Sheila.

Peels program var det einaste på BBC Radio 1 der lyttarane kunne høyre det siste innan elektronisk musikk før det vart populært, slik som house, techno og hardcore. John Peel fekk til og med ein hardcore-song oppkalla etter seg, «John Peel is Not Enough» av CLSM. Peel var forkjempar for ei rekkje nye musikkstilar, alt frå reggae til death metal, sjølv om musikksmaken hans òg hadde nokre avgrensingar. Han spelte sjeldan industriell musikk, frijazz eller improvisasjon.

Peel i BBC-studioet

Mange band og artistar kan takke John Peel for å ha støtta karrierane deira, slik som Led Zeppelin, David Bowie, Trumans Water, The Faces, Sex Pistols, Siouxsie and the Banshees, Pink Floyd, The Clash, Napalm Death, Buzzcocks, Gary Numan, The Cure, Joy Division, Def Leppard, The Orb, Pulp, Ash, Orbital, The Smiths, The White Stripes, The Delgados og PJ Harvey.

Mange utan platekontraktar sende demoar i voner om å få speletid. Ein gong etter ein trevekers ferie kom han heim til 173 LP-ar, 91 12-tommare og 179 7-tommarar. I 1983 møtte ein håpefull Billy Bragg opp i Radio 1s studio med ein porsjon sopp-biryani og ein demotape etter at han høyrde Peel nemnde på lufta at han var svolten.[5]

Peel jobba for Radio 1 i 37 år, fram til han døydde i 2004. Totalt vart det teke opp over 4000 Peel sessions, med over 2000 artistar[6].

BBC fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Peel var òg fleire gonger innom Top of the Pops som programleiar. Her var han, ulikt dei andre programleiarane, kjend for sine sarkastiske merknader om artistane, som etter å ha høyrt George Michael og Aretha Franklin sin «I Knew You Were Waiting For Me»:

« You know, Aretha Franklin can make any old rubbish sound good, and I think she just has. »

I 1971 vart han spurt av Rod Stewart om vere med på The Faces si framføring av songen «Maggie May» på det same programmet. Peel kan bli sett i bakgrunnen, sitjande på ein stol med ein mandolin han prøver å «spele» på. I Noel Edmonds sitt The Late, Late Breakfast Show i 1982 hadde han ein lite morosam monolog i den sedvanlege tørre stilen sin. Meininga var at Peel skulle vere eit fast innslag, men det vart med den eine gongen. I 1996 var ein episode av Her er livet ditt vigd Peel. Trass i TV-framferdene likte Peel aldri seg på TV-skjermen.[7]

Privat[endre | endre wikiteksten]

Peel gifta seg med Sheila Gilhooly[31. august 1974, med Rod Stewart som forlovar. Peel var kledd i Liverpool FC sine fargar, og «You'll Never Walk Alone» vart spelt medan han gjekk opp til altret. Namna til dei fire borna hans har alle tilknyting til fotballklubben hans: William Robert Anfield, Alexandra Mary Anfield, Thomas James Dalglish og Florence Victoria Shankly.

Prisar og titlar[endre | endre wikiteksten]

Peel vart elleve gonger Melody Makers årets DJ, Sony Broadcaster of the Year i 1993, NMEs Godlike Genius Award i 1994 og Sony Gold Award-vinnar i 2002 og er med i Radio Academy sin Hall of Fame. I 2005 vart han på NME si årlege prisutdeling posthumt utnemnd til Hero of the Year og fekk òg ein spesiell pris for den livslange tenesta si innan musikk.

Han vart òg utnemnd til æresdoktor ved fleire universitet, og vart utnemnd til offiser av Ordar of the British Empire i 1998. I 2002 kom han på 43.-plass av 100 i BBCs avstemming over dei «100 største britane nokosinne».

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Peel fekk diagnosen diabetes i 2001. To veker før han døydde fortalde han venen sin og kollega Andy Kershaw at flyttinga av programmet hans frå kl 22 til 23 hadde forårsakamykje stress for han, og han følte seg lite verdsett. Peel døydde plutseleg av eit hjarteinfarkt på ferie i Cuzco i Peru den 25. oktober 2004.

Over 1000 personar var tilstades under gravferda hans 12. november 2004 i Bury St. Edmunds, inkludert mange av artistane han hadde hjelpt godt på veg med karrierane. Gravferda vart avslutta med klipp av Peel som snakka om livet sitt, og kista vart boren ut til favorittsongen hans «Teenage Kicks» av The Undertones. Ein privat seremoni vart seinare halden for familien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]