John Renbourn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Renbourn

John Renbourn på Custom House Square-scenen under New Bedford Summerfest 2005. Foto av Thom C.
Fødd8. august 1944
FødestadMarylebone i London i England
Død26. mars 2015
DødsstadHawick
OpphavStorbritannia
Aktiv1961 til i dag
SjangerFolk/folkrock
InstrumentAkustisk gitar
Tilknytte artistarPentangle, The John Renbourn Group, Ship of Fools
PlateselskapTransatlantic Records
Verka somMusikar, låtskrivar

John Renbourn (8. august 194426. mars 2015)[1][2] var ein engelsk gitarist og låtskrivar. Han er kanskje mest kjend for samarbeidet med gitaristen Bert Jansch, samt som medlem i folkemusikkgruppa Pentangle. Han har i tillegg hatt ei solokarriere både før, under og etter bandet eksisterte (1967–1973).[3]

Sjølv om han ofte blei rekna som folkemusikar, var musikksmaken og dei musikalske interessene til Renbourn tidlegmusikk, klassisk musikk, blues og verdsmusikk. Det viktigaste albumet hans, Sir John Alot (1968), inneheld versjonar av songar frå mellomalderen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

John Renbourn studerte klassisk gitar på skulen og det var på denne tida han vart introdusert for tidlegmusikk. I 1950-åra, som så mange andre, vart han i stor grad påverka av skiffle-hysteriet og dette førte han inn på artistar som Lead Belly, Josh White og Big Bill Broonzy.

I 1960-åra utvikla han interesse for rhythm and blues og vart påverka av Davey Graham. I 1961 turnerte Renbourn i sørvest med Mac MacLeod og gjentok turneen i 1963. Då han var på veg heim frå Sørvest-England, spelte Renbourn og MacLeod inn ein demo i lag. Renbourn spelte ei kort stund i eit R&B-band, medan han studerte på Kingston College of Art i London. Sjølv om den britiske «folkemusikkbølgja» var på veg, dreiv dei fleste viseklubbane med tradisjonelle, uakkompagnerte visesongar, og gitaristar var ikkje alltid velkomne. Men i the Roundhouse i London var dei meir tolerante og John Renbourn slo seg saman med blues- og gospelsongaren Dorris Henderson, og spelte gitar på to album med ho.

Den kanskje mest kjende viseklubben i London tidleg i 1960-åra var «Les Cousins» på Greek Street i Soho, som vart den viktigaste møteplassen for gitaristar og samtidige visesongarar frå Storbritannia og USA. Kring 1963 slo Renbourn seg saman med gitarist Bert Jansch, som hadde flytta til London frå Edinburgh, og i lag utvikla dei ein intrikat duettstil, som vart kjend som «folk baroque». Albumet deira Bert and John er det beste dømet på denne stilen.

Renbourn gav ut fleire album på Transatlantic i 1960-åra. To av dei, Sir John Alot og Lady And The Unicorn, syner gitarstilen til Renbourn og songane frå denne perioden. Sir John Alot har ei blanding av jazz/blues/folk i lag med klassisk og tidlegmusikk. Lady And The Unicorn er kraftig påverka av interessa til Renbourn i tidlegmusikk.

Kring denne tida starta Renbourn å spele med Jacqui McShee, som song tradisjonelle engelske folkeviser. I lag med Bert Jansch, bassist Danny Thompson og trommeslagar Terry Cox, danna dei bandet Pentangle. Gruppa vart særs suksessrike og turnerte Amerika i 1968, der dei spelte i Carnegie Hall og Newport Folk Festival.

Renbourn spelte inn fleire soloalbum i 1970- og 1980-åra. Mykje av musikken er basert på tradisjonelle songar med keltisk påverknad, innvevd i andre stilar. Han har samarbeidd med den amerikanske gitaristen Stefan Grossman seint i 1970-åra og spelte inn to album med han, som minna om folk baroque-stilen han gjorde med Bert Jansch.

I 1980-åra gjekk Renbourn attende til universitetet for å ta ein grad i komposisjon. Sidan då har han hovudsakleg fokusert på å skrive klassisk musikk, medan han framleis har spelt viser. Han spelte òg akustisk gitar for filmmusikken til Scream for Help, eit prosjekt i lag med naboen John Paul Jones.

I 1988 danna Renbourn ein kort periode ei gruppe kalla Ship of Fools med Tony Roberts (fløyte), Maggie Boyle (tekst, forskjellige instrument) og Steve Tilston (gitar). Dei spelte inn eitt album, kalla opp etter bandet. Den første konserten deira var utseld.

Renbourn speler framleis inn musikk og turnerer. Han turnerte USA med Archie Fisher. I 2005 turnerte han i Japan med Tokio Uchida og Woody Mann. I 2006 spelte han fleire konsertar i England, med mellom andre Robin Williamson og Jacqui McShee. Same året arbeidde han på eit nytt soloalbum og samarbeidde med Clive Carroll på filmmusikken til Driving Lessons, regissert av Jeremy Brock.

Etter at Renbourn ikkje dukka opp på ein spelejobb i Glasgow, blei han funne død i heimen i Hawick. Dødsårsaka var truleg eit hjarteåtak.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • John Renbourn (1965)
  • Another Monday (1967)
  • Sir John Alot of Merry Englandes Musyk Thynge and ye Grene Knyghte (1968)
  • The Lady and the Unicorn (1970)
  • Faro Annie (1971)
  • So Clear (1973)
  • Heads and Tails (1973)
  • The Guitar of John Renbourn (1976, i 2005 som The Guitar Artistry of John Renbourn)
  • The Hermit (1976)
  • The Black Balloon (1979)
  • One Morning Very Early (1979)
  • Enchanted Garden (1980)
  • The Nine Maidens (1986)
  • Shines Bright (1987)
  • Folk Blues of John Renbourn (1988)
  • Medieval Almanac (1989)
  • Will the Circle Be Unbroken (1995)
  • Lost Sessions (1996)
  • Traveller's Prayer (1998)
  • Palermo Snow (2011)

Gruppealbum[endre | endre wikiteksten]

Med The John Renbourn Group

Med Ship of Fools

  • Ship of Fools (1988)

Med Pentangle — sjå diskografien deira her.

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Med Dorris Henderson

  • There You Go (1965)
  • Watch the Stars (1967)

Med Stefan Grossman

  • Live In (1978)
  • John Renbourn and Stefan Grossman (1978) (*)
  • Under the Volcano (1979)
  • The Three Kingdoms (1986)
  • (* utval frå John Renbourn and Stefan Grossman og frå Under the Volcano vart gjeven ut på ny som Keeper of the Vine (1982), og eit anna utval som Snap a Little Owl (1997))

Med Bert Jansch

Med Bert Jansch og Conundrum

  • Thirteen Down (1979)

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Live in America (1981) - The John Renbourn Group
  • Live ... In Concert (1984) - John Renbourn og Stefan Grossman
  • Wheel of Fortune (1993) - John Renbourn og Robin Williamson
  • Live In Italy (2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]