John Singer Sargent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1906
Paul Helleu lagar skisser, saman med kona si, 1889

John Singer Sargent (12. januar 185614. april 1925) var ein US-amerikansk-britisk kunstmålar, av mange halde som den fremste portrettmålaren i sin generasjon. Han vert først og fremst rekna som ein US-amerikansk kunstnar, trass i at han levde størstedelen av livet i Europa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sargent var fødd i Firenze i Italia, der foreldra hans var på reise. Gjennom det meste av barndomen var familien på reisefot, han studerte i Italia, Tyskland og seinare i Paris under Emile Carolus-Duran. Heilt frå han var ung merka han seg med framifrå måleteknikk, spesielt for evna til å teikne med pensel.

Han måla ei lang rekke portrett av den nordamerikanske og europeiske overklassa, omhylla av livfull eleganse. Mellom andre måla han dei US-amerikanske presidentane Theodore Roosevelt og Woodrow Wilson.

I seinare år uttrykte Sargent ambivalens over restriksjonane i arbeidet med portrett. Omkring 1910 skifta han stil og vigde seg til landskaps- og akvarellmåling. Han måla både veggmåleri og arbeidde som friluftsmålar («en plein air»). I landskapsmålinga hans kan ein ane impulsar frå impresjonismen.

Gjennom sitt liv som kunstnar skapte Sargent omtrent 900 oljemåleri og over 2 000 akvarellar, samt tallause skisser og kolteikningar. Motiva i kunsten hans dokumenterer verdsomspennande reiser; frå Montana, Maine, Florida, Venezia og Tyrol, Korfu, Palestina og Egypt, Alger og Tanger, Portugal og Spania, Skottland og Noreg.

Sargent budde i mange år i Paris. Han flytta til London i 1886, der han døydde i 1925.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Singer Sargent

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon