John Wallis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Wallis by Sir Godfrey Kneller, Bt.jpg

John Wallis (23. november 161628. oktober 1703) var ein engelsk matematikar og teolog. Han var ein av grunnleggarane av the Royal Society.

Han var professor i matematikk i Oxford frå 1649 og seinare hoffprest hos Karl II. Dei matematiske arbeida hans medverka til å skape grunnlaget for differnesialrekninga. I hans Arithmetica infinitorum frå 1655, studerer han uendelege rekkjer og gjev her sitt kjende uttrykk for talet π som eit uendeleg produkt. Av dei andre matematiske arbeida hans finn ein Mathesis universalis frå 1657 og Treatise on Algebra frå 1685, der han utvidar det algebraiske teiknspråket, innfører negative eksponentar og eit spesielt teikn for uendeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]