John Wetton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Wetton
John Wetton playing bass live.jpg
John Wetton på scenen
Verkeleg namn John Kenneth Wetton
Fødd 12. juni 1949 (65 år), Willington i Derby i England
Instrument Bass, vokal, gitar, klaverinstrument
Sjanger Progressiv rock, hardrock, poprock, jazz-fusion
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar, produsent
Tilknytte artistar Mogul Thrash, Family, King Crimson, Roxy Music, Uriah Heep, UK, Jack-Knife, Wishbone Ash, Martin Turner's Wishbone Ash, Asia, Phenomena, Renaissance, Qango, Brian Eno
Plateselskap E.G. Records
Mesa Records
Eclipse Records
Eagle Records
Avalon Records
Giant Elektrisk Pea
Frontiers Records
Voiceprint Records
Kjende instrument
Fender Precision Bass
Zon Legacy

John Wetton (fødd 12. juni 1949) er ein engelsk låtskrivar, songar, bassist og gitarist. Wetton har vore profesjonell musikar sidan slutten av 1960-talet og har vore medlem av kjende rockegrupper som Mogul Thrash, Family, King Crimson (der han jobba med barndomsvenen Robert Fripp), Roxy Music, Uriah Heep, UK, Wishbone Ash og Asia.

I Wishbone Ash vart han henta inn for å erstatte bassist og vokalist Martin Turner og påtenkt rolla som rein bassist. Gruppa hadde allereie då nærast fullført studioinnspelinga av albumet Number the Brave, så difor song han berre på ein song. Wetton vart desillusjonert over det han oppfatta som ein status som studiomusikar, spesielt med tanke på at han er vurdert som ein respektert bassist, songar og låtskrivar. Rett før turnéen starta forlét han Wishbone Ash og grunnla gruppa Asia saman med Geoff Downes, Steve Howe og Carl Palmer. MCA Records avbraut samarbeidet med gruppa som eit resultat av dette. John Wetton sa i ettertid:

  • «Eg trur at viss eg fekk lov til å skrive og synge opp mot den fulle kapasiteten min, ville Number the Brave vorte ei veldig god utgjeving. Den kjensla eg hadde på den tida var at dei ikkje ville ha nokre til å ta over der Martin Turner slutta».

Wetton er mest kjent for det kraftfulle basspelet og improvisajonsteknikkane sine, men utgjevingane hans sidan 1980-talet har vore meir kommersielt orientert. I nyare tid har han fokusert meir på vokal og låtskriving, der han favoriserer akustisk gitar og piano. Høgdepunkta hans blant utgjevingar er King Crimson-albumet Larks' Tongues In Aspic (1972) og Asia-albumet med same namn frå 1982, som òg er det mest selde albumet hans. John Wetton jobbar no som soloartist etter at han forlét Asia for andre gongen i 1992, men har i seinare tid kome med som medlem att.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Mogul Thrash
Med Gordon Haskell
  • It Is and It Isn't, 1971
Med Family
Med Larry Norman
Med Malcolm and Alwyn
  • Fool's Wisdom, 1973
Med Peter Banks
Med King Crimson
Med Bryan Ferry
Med Roxy Music
Med Uriah Heep
Med UK
Med Jack-Knife
Med Roger Chapman
Med Wishbone Ash
Med Martin Turner's Wishbone Ash
Med Asia
  • Asia, 1982; #1 US, #15 JP
  • Alpha, 1983; #6 US, #4 JP
  • Astra, 1985; #67 US, #15 JP
  • Then & Now, 1990; #114 US, #24 JP
  • Live in Moscow, 1990
  • The Very Best of Asia: Heat of the Moment (1982–1990), 2000
  • Definitive Collection, 2006; #183 US
  • Fantasia: Live in Tokyo, 2007
  • Phoenix, 2008 #73 US #28 JP
  • Omega, 2010
Med Steve Hackett
Soloalbum
Med Phil Manzanera
Med Daniele Liverani
  • Genius A Rock Opera - Episode 1, 2002
Med Alan Simon
  • Excalibur - The Celtic Ring
Med Geoff Downes
  • Wetton Downes (Demo Collection), 2002, Stallion Records
  • Icon, 2005, Frontiers Records/UMe Digital (US)
  • Heat of the Moment '05 EP, 2005, Frontiers Records
  • Icon Live: Never in a Million Years, 2006, Frontiers Records
  • Akustisk TV Broadcast, 2006, Frontiers Records
  • Icon II: Rubicon, 2006, Frontiers Records
  • Icon 3, 2009, Frontiers Records
Med Duncan Mackay
  • Score 1977
Med Atoll
  • Rock Puzzle 1979

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]