John o' Groats

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John o' Groats

skotsk-gælisk Taigh Iain Ghròt
John o' Groats House
John o' Groats House
Plassering
John o' Groats is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Caithness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

310
Koordinatar 58°38′″N 3°4′″WKoordinatar: 58°38′″N 3°4′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KW1
Telefon-retningsnummer 0 1955
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John o' Groats

John o' Groats (skotsk-gælisk Taigh Iain Ghròt) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 300 innbyggjarar. Staden blir rekna som den nordlegaste landsbyen på den britiske hovudøya. Det nordlegaste punktet ligg utanfor landsbyen, ved Dunnet Head.

Uttrykt «frå Land's End til John o' Groats» viser til distansen mellom landsbyen og Land's End i Cornwall som er det sørlegaste punktet; ein klår parallell til det norske uttrykket «frå Lindesnes til Nordkapp».

Skrivemåten på namnet har variert ein del, men John o' Groats er no den offisielle forma. Namnet kjem frå Jan de Groot, ein nederlender som fekk løyve til å drive ei ferje mellom det skotske fastlandet og Orknøyane kort tid etter at desse vart overteke frå Noreg i 1496.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]