Johnny Gray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johnny Gray (fødd John Lee Gray, jr.19. juni 1960) er ein tidlegare USA-amerikansk 800-meterløpar frå Los Angeles. Ein av hans største prestasjonar var då han sette USA-amerikansk rekord på distansen med tida 1,42.60 i Koblenz, 1985.

Johnny Gray deltok på 800 meter i sitt fyrste OL under sommar-OL 1984 i heimbyen Los Angeles. Han enda her på ein sjuandeplass, men forbetra resultatet til ein femteplass til sommar-OL 1988 i Seoul. I sommar-OL 1992 tok han bronse på 800 meter på tida 1,43.97. Dette vart hans fyrste og einaste OL-medalje, men han deltok også under sommar-OL 1996 i Atlanta.

Resultata hans var synleg betre i dei panamerikanske leikane. Han deltok i leikane fyrste gongen i 1987 og tok gullmedaljen på tida 1,46.79. Neste gong Gray deltok i leikane var tolv år seinare, i 1999. Gray var no 39 år gamal, men tok ein ny gullmedalje på tida 1,45.38.

Johnny Gray vann også Bislett-medaljen i 1997 for store idrettsbragder på Bislett stadion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]