Johs. Rian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johannes Rian (17. mai 189110. desember 1981), kjend som Johs. Rian, var ein norsk målar frå Overhalla.

Rian studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i 1927 og ved Statens Kunstakademi under Axel Revold frå 1928 til 1930. Fleire gongar var han utanlands på studieturar, mellom anna i Sør-Europa. Han hadde ei rekke separatutstillingar og er representert med måleri i Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst i Oslo, Bergen Billedgalleri, Riksgalleriet, Statens Museum for kunst i København og Nationalmuseum Stockholm.

Rian vart tidleg påverka av franske kunstnarar som Paul Cézanne og Henri Matisse. Bileta hans har oftast forenkla figurar og flater i kraftige fargar. På 1960- og 70-talet måla Rian mest nonfigurativ kunst.

Han var busett i Oslo og døydde der.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]