Jon Grepstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Grepstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juli 1944 (79 år)
Yrke fotograf

Jon Grepstad (fødd 2. juli 1944) er ein norsk skribent, fotograf, fredsarbeidar og tidlegare informasjonsleiar i Norsk språkråd og Språkrådet.

Bakgrunn og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Jon Grepstad er fødd i Skien og voks opp i Gudbrandsdalen og i Rogaland. Jon Grepstad er bror av Ottar Grepstad. Han tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1963, studerte språk og litteratur ved Wesleyan University, Middletown, Connecticut, Universitetet i Bergen og Université de Tours i Frankrike. Han er cand.mag. frå Universitetet i Bergen 1974 med engelsk, fransk og allmenn litteratur som fag.

Grepstad har mellomfag i engelsk og fransk. Ved Wesleyan University i Connecticut i USA las han også latin og italiensk. Som tenåring, før han fekk si første opplæring i engelsk på framhaldsskulen i Nedre Vats i Rogaland, lærte han seg esperanto. På 1980-talet las han noko russisk og nygresk. Og i samband med hovudfagsstudium i engelsk las han gammelengelsk. Som pensjonist arbeider han særleg med italiensk. Interessa for språk er grunnleggjande i livets hans, men også spørsmåla i samband med tilhøvet mellom språk og erkjenning.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Jon Grepstad var 1972–73 arbeidande leiar for Folkereisning mot krig, den norske avdelinga av War Resisters' International (WRI), og var 1974–77 vitskapleg assistent i Forsøksrådet for skoleverket. Frå oktober 1979 til 1986 arbeidde han i Nei til atomvåpen, ei rørsle har sjølv var med å starte hausten 1979. I 1986 vart han informasjonskonsulent i Lærarutdanningsrådet og sekretær for rådet, og frå september 1994 informasjonsleiar i Norsk språkråd, seinare Språkrådet. Han tok ut AFP-pensjon hausten 2008.

Arbeid med nynorsk[endre | endre wikiteksten]

I Norsk språkråd arbeidde Grepstad med å fremje dataprogram på nynorsk. I 1996 skipa han på sin eigen nettstad "Den elektroniske bokhylla", ei samling digitaliserte tekstar på landsmål. Samlinga vart i 2002 overteken av Ivar Aasen-tunet og var ein del av grunnlaget for Nettbiblioteket der. I 2002 fekk han Noreg Mållags Målblome for arbeidet med mållova.

Arbeid med foto[endre | endre wikiteksten]

Sidan slutten av 1980-åra har Jon Grepstad arbeidd mykje med foto. Han har skrive ei bok på engelsk om å byggje storformatskamera, basert på eigne røynsler som kamerabyggjar. Boka er ei av to-tre som finst om om dette emnet. På engelsk har han òg skrive djupneartikkelen "Pinhole Photography – History, Images, Cameras, Formulas". Artikkelen er standardartikkelen om camera obscura-fotografering på Internett og er omsett til spansk, portugisisk, russisk og polsk.

Arbeid i fredsrørsla[endre | endre wikiteksten]

Jon Grepstad er militærnektar og gjorde sivilteneste i 1969–70. I 1970-åra var han involvert i den pasifistiske fredsrørsla i Noreg. Han var også styremedlem og medlem av arbeidsutvalet i War Resisters' International (WRI). I tida 1974–79 var han medlem av det regjeringsoppnemnde Vernepliktsutvalet, som hadde til oppgåve å greie ut verneplikts- og militærnektarlovgjevinga i Noreg.

I 1978 var Jon Grepstad ein av leiarane for Aksjon mot nøytronbomba og i oktober 1979 var han ein av dei tre som tok initiativet til kampanjen Nei til nye atomvåpen, seinare Nei til atomvåpen. Hausten 1979 var han de facto leiar for Nei til nye atomvåpen, seinare vart han informasjonskonsulent og internasjonal sekretær for Nei til atomvåpen.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Nokre artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • «Pinhole Photography – History, Images, Cameras, Formulas» (nettbasert, første utgåve 1996)
  • «Nynorsk programvare – nokre milesteinar» (nettbasert, 2000, oppdatert 2009)
  • «Opplæringlova og elektroniske læremiddel – førearbeid, lov og forskrift, rundskriv» (nettbasert, 2000, oppdatert 2008)
  • «Språkleg jamstilling på datamaskinen». Språknytt, 3, 2000
  • «Språkteknologi på norsk». Mål og makt, 1, 1999
  • «Kryssarrakettane i nord og norsk politikk». Samtiden, 1, 1986
  • «Stjernekrig som myte og røyndom». Syn og Segn, 4, 1985
  • «Ikkje-militære forsvarsformer». Ikkevold, 3, 1984
  • «Fredsbevegelsen». PaxLeksikon, bd. 7, Oslo 1983
  • «Eurorakettane : utplassering i Europa og fredsbevegelsens oppgaver». Kontrast, 5–6, 1983
  • «The Peace Movement in the Nordic Countries». END Papers 4, Nottingham 1982
  • «Norway and the Struggle for Nuclear Disarmament». A paper prepared for the '81 World Conference against Atomic and Hydrogen Bombs, Tokyo, Hiroshima and Nagasaki, 3-9 August 1981
  • «Sivilmotstand». PaxLeksikon, bd. 5, Oslo 1980
  • Jon Grepstad, Robert Polet, Jean-François Lecocq: Transarmement. Les Monographies de la Défence Civile XI. Liège 1979
  • «Disarmament, Transarmament and Non-Military Defence». Supplement to WRI Newsletter No 144, May–June 1978
  • «Verneplikt og militærnekting i nytt lys». Kirke og Kultur, 8, 1977 (saman med Sigmund Jarle Jacobsen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]