Jon Aasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Aasen
Fødd16. mars 1951 (73 år)
Vanylven kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar
BarnKristin Maurstad
VervOrdførar i Vanylven 1988–2003
FøregangarJon Arne Lillebø
EtterfylgjarJan Helgøy
VervFylkesordførar i Møre og Romsdal 2003–2007
FøregangarOle Øverland
EtterfylgjarOlav Bratland
VervFylkesordførar i Møre og Romsdal 2011–2019
FøregangarOlav Bratland
EtterfylgjarTove-Lise Torve
Alle verv
  • fylkesordførar i Møre og Romsdal (2003–2007)
  • fylkesordførar i Møre og Romsdal (2011–2019)
  • ordførar i Vanylven (1988–2003) Sjå dette på Wikidata

Jon Sverre Aasen (fødd 16. mars 1951) er ein norsk politikar frå Vanylven som representerer Arbeidarpartiet. Han var fylkesordførar i Møre og Romsdal i periodane 2003-2007 og 2011-2019.[1][2][3]

Aasen er utdanna ved lærarskulen i Volda. Frå 1976 var han i tolv år lærar på Åheim skule i heimkommunen Vanylven. Han var varaordførar 1983-87 i Vanylven, deretter ordførar i seksten år, 1988-2003. Valperioden 2003-07 var han fylkesordførar i Møre og Romsdal, han kom tilbake i denne posisjonen etter fylkestingvalet hausten 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Aasen blir fylkesordfører - NRK/Møre og Romsdal 13.9.2011, besøkt 3.9.2016
  2. Jon Aasen (Ap) tilbake som fylkesordførar Arkivert 2021-06-27 ved Wayback Machine. - Sunnmørsposten 10.10.2011, besøkt 22.4.2013
  3. Jon Aasen (Ap) styrer fylkestinget i Møre og Romsdal Arkivert 2021-06-28 ved Wayback Machine. - NRK/Møre og Romsdal 15.9.2015