Jon Almaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jon Almaas (fødd 29. august 1967) er ein norsk programleiar og komikar frå Stabekk i Bærum som er mest kjend frå det populære humorprogrammet Nytt på nytt.

Almaas har vore programleiar i NRK-programmet Nytt på nytt sidan 1999. Han har også leidd Amanda-prisen og Spellemannprisen. Før det hadde han faste innslag i samlivsprogrammet Direkte sexy i 1998. Han byrja i NRK i 1994 som redaksjonsassistent. I åra 1995–97 budde han i Tromsø og arbeidde som produsent for Ja takk, begge deler, Krakk og Helg i solnedgang på NRK sitt lokalkontor der. I denne perioden jobba han også som skodespelar i produksjonane. Etter dette gjekk veien til Marienlyst att, der han var produsent for Go’ elg og Newton frå 1997–99.

Av utdanning har han ein amerikansk bachelor-grad i International Business frå 1992. Almaas har sambuar og eitt born.

Forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]

Almaas har også gjeve ut tre bøker, Slik blir du husets herre (2002), ei bok om vasking, Bare så du vet det (2003), ei bok med absurde nyttige og unyttige fakta, og Den store norske TV-boka 2006, med fakta om norske fjernsynskjendisar osb.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]