Jon Eikemo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jon Eikemo (fødd 30. november 1939), frå Breistein i Åsane kommune (no del av Bergen kommune), er ein norsk skodespelar. Han debuterte på scena i 1961, og filmdebuten var i 1968 med filmen De ukjentes marked. Han fekk Spellemannprisen 1979 i opa klasse for albumet Leser Jakob Sande og Norsk kulturråds ærespris for 2007 på NOK 500.000.

Eikemo har vore tilsett ved Det norske teatret sidan 1978, og har tidlegare vore på Oslo Nye Teater (1975-78), Den Nationale Scene (1972-75), Nationalteatret (1968-72), Det norske teatret (1966-67), Fjernsynsteatret (1964-65) og Riksteatret (1961-63).

Ved stortingsvalet 2009 stod Eikemo på 22. plass på Senterpartiet si valliste i Oslo.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Jon Eikemo hos IMDb

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.