Jon Fosse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jon Fosse
Jon Fosse.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 29. september 1959 (53 år), Haugesund
Periode 1983-
Debut Raudt, svart

Jon Olav Fosse (fødd 29. september 1959) er ein norsk forfattar, dramatikar og statsstipendiat frå 2001.

Fosse vart fødd i Haugesund, men voks opp i Strandebarm i Kvam herad i Hardanger. Seinare flytte han til Bergen. Han vart cand.philol. i 1987 med grunnfag i sosiologi og filosofi, og hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart. Det første skodespelet, Og aldri skal vi skiljast, kom i 1994. Fosse skriv på nynorsk.

Jon Fosse har hatt ein stor produksjon av romanar, noveller, dikt, barnebøker, essay og skodespel.

Utgivingane hans er omsette til fleire språk, nokre av dei til over førti. Fosse sine skodespel blir meir og meir kjende utanfor Noreg, det er til no snakk om kring åtte hundre premierer, og det har mellom anna vore framsyningar i Tyskland, Frankrike og Japan. Han er den mest spelte norske skodespelforfattaren etter Ibsen.

2011 fekk Jon Fosse tildelt statens æresbustad Grotten, og bur der delar av tida.

Innhaldsliste

Verkliste [endre]

Prosa [endre]

  • 1983 - Raudt, svart
  • 1985 - Stengd gitar
  • 1987 - Blod. Steinen er
  • 1989 - Naustet
  • 1991 - Flaskesamlaren
  • 1992 - Bly og vatn
  • 1993 - To forteljingar
  • 1994 - Prosa frå ein oppvekst
  • 1995 - Melancholia I
  • 1996 - Melancholia II
  • 1998 - Eldre kortare prosa
  • 2000 - Morgon og kveld
  • 2004 - Det er Ales
  • 2007 - Andvake (Forteljing)
  • 2012 - Olavs draumar (Forteljing) (framhald av Andvake)

Lyrikk [endre]

  • 1986 - Engel med vatn i augene
  • 1990 - Hundens bevegelsar
  • 1992 - Hund og engel
  • 1995 - Dikt 1986-1992
  • 1997 - Nye dikt 1991-1994
  • 2001 - Dikt 1986-2000
  • 2003 - Auge i vind
  • 2013 - Stein til stein

Essay [endre]

  • 1989 - Frå telling via showing til writing
  • 1999 - Gnostiske essay

Barnebøker [endre]

  • 1989 - Uendeleg seint, saman med Alf-Kåre Berg
  • 1990 - Kant, saman med Roj Friberg
  • 1993 - Dyrehagen Hardanger
  • 1994 - Vått og svart, saman med Akin Düzakin
  • 1995 - Nei å nei (Hundemanuskripta; 1)
  • 1996 - Du å du (Hundemanuskripta; 2)
  • 1997 - Fy å fy (Hundemanuskripta; 3)
  • 2000 - Søster

Skodespel [endre]

Urpremierar

Prisar og utmerkingar [endre]

Referansar [endre]

  1. [1]
  2. NTB (28. april 2012). «Målprisen til Jon Fosse». aftenposten.no. Vitja 29. april 2012.

Bakgrunnsstoff [endre]