Jon Jæger Gåsvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto: Bård Gudim / FrPMedia

Jon Jæger Gåsvatn (fødd 19. juni 1954 i Frogn, Akershus) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og valt på nytt i 2009. I perioden 1993–97 var han varerepresentant.

Gåsvatn er fødd i Frogn og flytta til Østfold i 1965. Han har budd både i Fredrikstad og Sarpsborg, men er no busett i Brevik i Sarpsborg. Han har tidlegare vore ein aktiv musikar og har mellom anna spelt trombone i danseorkesteret Rainbow, som er mest kjent for låten «Bye Bye Baby Goodbye». Gåsvatn var tidleg aktiv i fagorganisasjonar i musikkmiljøet i Østfold.

Han er utdanna bioingeniør, og har arbeidd ved sjukehuset i Østfold sidan 1976. Han gjekk i 2001 over til å bli verksemdsleiar på Tingvoll sjukeheim i Sarpsborg.

Gåsvatn har vore medlem av kommunestyret i Sarpsborg og av Østfold fylkesting. Han har hatt ei rekkje verv i Framstegspartiet.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jon Jæger Gåsvatn