Jon Leirfall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jon Leirfall
Jon Leirfall.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 7. oktober 1899, Hegra
Død 12. juni 1998 (98 år)
Yrke Gardbrukar, politikar, forfattar

Jon Leirfall (7. oktober 189912. juni 1998) var ein norsk politikar (Bondepartiet og Senterpartiet) frå Hegra i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han var utdanna sivilagronom frå NLH i 1924. Sekretær i Bondepartiet i perioden 1929-33. Leirfall var gardbrukar og stortingsrepresentant frå 1945 til 1969, men gjorde seg òg kjent som historieforteljar, målstrevar og forfattar.

Jon Leirfall måtte under den andre verdskrigen flykte til Sverige saman med familien sin. Han skriv om opphaldet i Sverige i boka I storm og stille. Blad frå minneboka. Der fortel han mellom anna: «Hausten 1943 tok norsk militæropplæring og oppsetting av norske militæravdelingar i Sverige til. Dette er ei ganske fantastisk historie og eit klart brot på svensk nøytralitetspolitikk. Det strir mot all nøytralitet at ei krigførande makt får høve til å organisere militær verksemd mot ein fiende på nøytralt område.»

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1927 – Undersøkelser over driftsmessige forhold i jordbruket
  • 1930 – Håndbok for tillitsmenn
  • 1936 – Jordspørsmålet i Norge. Et ordskiftegrunnlag for bygdeungdommen
  • 1939 – Studieplan for jamstilling
  • 1960 – Nordkalottens transportspørsmål
  • 1960 – Det vestlandske jordbruket i frihandelsområdet
  • 1960 – Har dei små bruka ei framtid?
  • 1962 – Helleristningene i Hegra
  • 1968 – Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, 1. bind (3 delar)
  • 1969 – Steinvikholm. Borgen og byggherren
  • 1969 – Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag
  • 1970 – Stormaskina. Frå bygdelivet i gammeltida
  • 1970 – Så seier soga. Mykleting og Marialyst i Borte-Pers tid, med Eskeland og Hetland
  • 1971 – Soga om det store mannefallet
  • 1972 – Soga om Tryggves fall, med Hetland
  • 1973 – Mangt eg minnes om ei tid som var
  • 1973 – Soga om Korvald Kyrre og den store hundestriden, med Hetland
  • 1975 – Soga om det store kvinneåret, med Hetland
  • 1976 – Vest i havet. Vesterhavsøyane gjennom tusen års norsk historie
  • 1977 – Bra folk. Profilar i det gamle bygdesamfunnet
  • 1978 – Soga om Oddvar Rådvill og Per Klipping, med Hetland
  • 1979 – Tusen år på Man. Sagaøya i Irskesjøen
  • 1981 – Sannferdige folk, med Hetland
  • 1983 – Hegra kirke. Kirke og menighet 1536–1783–1983
  • 1984 – Ute og heime
  • 1984 – Soga om ølet fra Drafn, med Hetland
  • 1986 – Old times in Norway
  • 1989 – I storm og stille. Blad frå minneboka

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]