Jona-elva

Koordinatar: 47°17′N 8°55′E / 47.283°N 8.917°E / 47.283; 8.917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jona
elv
Jona ved munningen i Jona-Busskirch, Obersee i bakgrunnen (oktober 2009)
Land  Sveits
Nedslagsfelt 65 km²
Lengd 20 km
Kjelde Bachteltårnet
Munning Zürichsjøen ved Busskirch (Rapperswil-Jona)
Kart
Jona-elva
47°12′56″N 8°50′38″E / 47.2155°N 8.84388°E / 47.2155; 8.84388
Wikimedia Commons: Jona (Fluss)

Jona er ei elv i dei sveitsiske kantonane Zürich og St. Gallen. Jona er 20 km lang og spring ut 950 meter over havet. Elva høyrer til Rhinenvassdraget via elvane Limmat og Aare. Nedslagsfeltet hennar er 65 km².

Jona spring ut på austsida av Bachteltårnet nær Gibswil og Fischenthal i Zürcher Oberland. Elva renn gjennom kommunen Wald gjennom ein liten dal austover og svingar så sørover, der viadukten Tösstalbahn (S26) kryssar. Jona svingar så vestover og deler kommunane Dürnten og Rüti, passerer landsbyen Tann og Rüti i den såkalla Tannertobel. Her svingar ho igjen sørover gjennom Rüti og den såkalla Joner Wald. Elva renn så inn i kantonen St. Gallen og Rapperswil-Jona og gjennom landsbyen Jona (SG). Til slutt dannar ho eit lite elvedelta nær Busskirch[1] og munnar ut i Zürichsjøen (Obersee).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva vart først nemnd i 834 og den tidlegare kommunen Jona vart kalla opp etter elva mykje seinare. Ein trur at namnet kan ha anten keltisk opphav frå Jauna (den kalde), eller frå indo-europeisk yamam, som tyder «straum».[2]

I mellomalderen vart det sett opp mange vassmøller langs den vesle elva og var viktig for industrialiseringa av Wald, Rüti og Rapperswil-Jona på 1800-talet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

47°17′N 8°55′E / 47.283°N 8.917°E / 47.283; 8.917