Jonas Vellesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Vellesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1842
Død

1915 (73 år)

Yrke skribent

Jonas Vellesen (2. februar 184226. november 1915) var ein norsk skulemann og lærebokforfattar som gjorde nybrottsarbeid når det gjaldt nynorske lærebøker.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Vellesen var fødd i Bjerkreim. Som spedbarn fekk han engelsk sjuke (rakitt) og da han var to år gjorde mor hans klart eit liksveip til han. Han kom seg likevel, men lærte ikkje å gå før han var seks.

Jonas Vellesen gjekk i lærarskule hos den eldre broren Velle Vellesen, der også Arne Garborg gjekk. Han blei uteksaminert frå Holt seminar i 1865, og var deretter huslærar og folkeskulelærar til han blei tilsett som kyrkjesongar og lærar i Enebakk i 1866.

Han var far av organist og komponist Velle Vellesen. Jonas Vellesen døydde i Enebakk.

Lærebøker[endre | endre wikiteksten]

Vellesen er særleg kjent som nynorsk lærebokforfattar, men fleire av lærebøkene hans kom også på bokmål, dessutan kom det også variantar på i-mål. Den fyrste bok åt barnet var ei svært moderne og pedagogisk lærebok i si tid. Boka blei stadig utgitt i nye opplag. Den siste utgåva kom i 1945, 56 år etter første utgåva og 30 år etter at han sjølv var død. Som lesestykke tok han også med barnerim og forteljingar som han sjølv hadde høyrt som barn i Bjerkreim: Ro ro til Siraland og Segna om Gloppedalsura. Det same gjeld for Emne (første utgåva 1909). Boka inneheld ei rekkje segner, dyrefablar og småforteljingar. Boka blei brukt til diktat og attforteljingar i alle fall til 1950-talet.

Studiereise[endre | endre wikiteksten]

I 1895 fekk Vellesen eit stipend for å studere skolevesen i Sverige. I september same år drog han til Karlstad og blei derfrå vist til Väse og vidare til Vingåker. Hans detaljerte og episke rapport frå studiereisa, blei trykt i Norsk barneblad i 1899 og 1900.


Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Den fyrste bok aat barnet 1889
  • Folkeskolens abc-bog 1891
  • Norsk grammatik med skriveøvingar aat folkeskulen og til sjølhjelp 1891
  • Sproglære 1892
  • Emner til retskrivning og stil med retledninger og regler 1893
  • Emner til retskrivning og stil 1893
  • Norges historie for folkeskolen 1895
  • Noregs soga aat folkeskulen 1896
  • Den første undervisning i læsning og skrivning efter læsetabeller og ABC-bog 1898
  • Norsk ABC, elder Lesebok aat smaaborn 1899
  • Norsk rettskrivningsbok med maallæra aat folke- og framhaldsskular 1900
  • Norigs soga aat folkeskulen 1900
  • Verdenshistorie med kirkehistorie for folkeskolen 1900
  • Den kristelige barnelærdom med bibelhistorie forbundet med forklaring over Luther
  • Heimssoga med kyrkjesoga aat folkeskulen 1901
  • Norigs soga for skule og heim 1904
  • Tvo bokmaal og korleis ein skal kunna fylla lovkravet og læra lesa deim i folkeskulen [1904]
  • Lerka Norsk songbok samla av Jonas Vellesen og K.M. Elden, Svorkmo 1905
  • Folkeskolens abc-bog 1891
  • Kristelig barnelære i historisk sammenhæng 1906
  • Bibelhistorie for skole og hjem 1906
  • Norigs soga for skule og heim 1907
  • Fyrste boka åt barnet 1908
  • Norske emne med rettleiding til aa skriva nynorsk 1909
  • 500 emner til retskrivning og stil med retledninger og regler 1910
  • Norges historie for skole og hjem 1910
  • Heimssoga med kyrkjesoga aat folkeskulen 1911
  • Norsk ABC eller Lesebok aat smaaborn 1911
  • Norigs soga for skule og heim 1916
  • Norges historie for skole og hjem 1921
  • Norigs soge for skule og heim 1922
  • Bibelhistorie for skole og hjem 1923
  • Folkeskolens abc-bok 1924
  • Bibelhistorie for skole og hjem 1925
  • Bibelsoge for skulen og heimen 1925
  • Bibelhistorie for folkeskolen 1929
  • Bibelhistorie for skole og hjem 1929
  • Den fyrste bok åt barnet 1921
  • Fyrste boka åt barnet 1932
  • Fyrste boki åt barnet 1932
  • Bibelhistorie for folkeskolen 1933
  • Bibelsoge for skulen og heimen 1935
  • Folkeskolens abc-bok 1922
  • Noregs soge for folkeskulen 1930
  • Norges historie for folkeskolen 1928
  • Heimssoge med kyrkjesoge åt folkeskulen 1923
  • Bibelhistorie for folkeskolen 1940
  • Fyrste boka åt barnet 1940
  • Fyrste boki åt barnet 1940
  • Norges historie for folkeskolen 1940
  • Noregs soge for folkeskulen 1940
  • Folkeskolens ABC-bok 1940
  • Fyrste boka åt barnet 1945
  • Ættesoge og minne 1968

Kjelder[endre | endre wikiteksten]